Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Innleiing ] Forarbeid ] [ Feltarbeid ] Etterarbeid ] Planter ] Dyr ] Ordforklaringar ]

Feltarbeid
Skjema
Reiskapar

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)



Elevane er inndelte i grupper og dei ulike arbeidsoppgåvene er gjennomgått.
Kvar gruppe har med:

 

mininøkkel1.jpg (5088 bytes) ekskursjonsakvarium1.jpg (3928 bytes)
- nokre mininøklar til artsbestemming , f.eks smådyr i og ved ferskvann


- glas eller lite plastakvarium til å putte smådyr i.

- kasterive med tau.

- håv.

- trekantskrape.

- kvitt plastfat .Det er lettare å sjå dyra mot kvit bakgrunn.

- ev. ei lita nettingkasse til siling av stein og sand.

- notisbok ev. ark og blyant.Dersom ein brukar skjema til å notere dyr/planter i ,bør dette ligge i plastmappe.

Til felles bruk for gruppene tek læraren (andre vaksne) med:

- nokre  felthandbøker  f.eks Smådyr i ferskvann eller Dyreliv i vann og vassdrag.smådyr.jpg (6429 bytes)

 

- eit kamera!Det kan enten vere eit vanleg kamera,eit digitalt kamera eller eit videokamera.Er ein råflott og har god råd,kan ein kanskje bruke fleire typer kamera.Etterarbeidet blir då styrande for bruken.

- ein eller to artsbetemmingsdukar - Smådyr i og ved ferskvatn.Har ein øvd litt på førehand,er artsbestemmingsduken fin til finne ut kva for eit dyr ein har med å gjere.


Slik brukar du bestemmingsduken:
Studer dyret du fann under lupe for å finne så mange dataljar som mogleg.Begynn lengst til venstre på duken der det står:Kor mange bein har dyret?Studer dyret og tel beina.Så vel du den linja der talet på bein er det same som på ditt dyr.Følg så linja mot høgre til du må velje igjen.Studer kva du kan velje mellom.Studer dyret på nytt.Velg deretter den linja der du finn det som best passar saman med ditt dyr.Hald fram mot høgre til du finn eit bilete av eit dyr eller ei dyregruppe.
Stemmer dyret overens med biletet?
Om det ikkje stemmer, må du prøve ein gong til.Kanskje har du funne ein mindre kjent art.Bruk i så fall ei oppslagsbok.

    Duken er laga av vannavstøtande plast.Han kan spylast  og vaskast.

bluebar.jpg (1445 bytes)

peikar_høgre.gif (257 bytes)