BIOTOP
|
Dei aller fleste artar er sterkast knytte til område med visse
særtrekk.Skal du på blåbærtur,går du gjerne i open granskog med gode vekstvilkår.Er
du på tyttebærtur,går du gjerne i grunnlendt furuskog.Skal du derimot sjå på ein
vasskalv,leitar du etter ein dam eller eit tjern med heller stilleståande vatn.Ein biotop
er på mange måtar adressen til ein organisme.Der får dei det dei treng for å leve og
vidareutvikle seg. |
Tilbake |
| LÆREPLAN |
I 1997
fekk vi den nye læreplanen for grunnskulen - populært kalla L-97.Han erstatta den gamle
planen som gjekk under kallenamnet M-87.For faget natur og miljø,har vi mange ulike tema
å velje mellom.Nokre av dei er:
| 5.klasse |
-arbeide med enkle samanhengar mellom bygnad,
levesett og miljø for eit utval dyre og planteartar. |
| 6.klasse |
- arbeide med næringskjeder og fotosyntesen,og
med plassen planter,dyr og menneske har i ei nærings - kjede. |
| 7.klasse |
- gjere feltarbeid og bli kjende med organismar
som lever i vatn,og korleis organismane er tilpassa kvarandre og miljøet dei lever i. |
|
Tilbake |
SPALTE-
OPNINGAR |
Spalteopningane
er mikroskopiske opningar på bladoverflata.Opningane slepp luft inn og ut av blada.Slik
kan blada utføre fotosyntese og anding.Åpninga vil i mikroskop sjå ut som ein
munnliknande spalte.Ved anding frigjer planten vassdamp gjennom spalteopningen.Planten
styrer kor mykje vatn som blir frigjeve ved å opne og lukke spalteopningane. |
Tilbake |
| Nymfar |
Dei vaksne
augestikkarane parar seg over vatn og det spede livet til nye augestikkarar tek til som
egg på ei vassplante.Så vert egga klekt og larvane(nymfane) lever fleire år i vatn.Så
kryp han ut av vatnet og vert omdanna til ein vaksen augestikkar. Han får vingar og kan
ikkje bo i vatnet lenger.Dette vert kalla ei ufullstendig omdanning. Nymfane er nemleg
temmeleg like dei vaksne augestikkarane.Om du er heldig kan du sjå hamen til ein
nymfe sitte fast på ei vass -plante eller ein stein. |

© Gunnar Marøy. |
Tilbake
Stort bilete?
|
Vegetativ
formering |
Mange
fleirårige planter formerer seg ved å utvikle delar som etterkvart blir til nye
planter.Ved vegetativ formering vert det danna nye planter som er genetisk like
morplanten. |
Tilbake |
|
|
Omgrepet
frukt vert brukt om alt som inneheld frø.Ei frukt kan vere svulmande og saftig f.eks eit
eple,eller hard og tørr.Plantene brukar frukter som eit middel til å få spreidd frøa
sine vidt og breitt. |
Tilbake |
| Sambu |
Planter
som har hanorgan og ho-organ i kvar sine blomster på same plante.Særbu planter har
blomster av berre eit kjønn. |
Tilbake. |