Autobahn: 
Fri fartsgrense 
Filkøyring 
Køkøyring 
Søvnige sjåførar  
Forureining  
 

 
Transport i   
Tyskland  
Kart reiserute 
 
 
 

 
Vår bil var ikkje bygt for hurtigløp 
         
 
 
 
  
Campingvogner heldt 80km/t 
 
 

  
 Nokre susa forbi i over 200km/t  
 
 
 
 
 
 
 
  
Ein lastebilsjåfør var vel søvnig          
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Hovudsider: 
Innleiing   
Kielferja   
Autobahn  
Hamburg   
Hameln  
Köln  
Rhindalen  
Sør-Tyskland 
 
 
 
 
 

Autobahn 
 

Då vi køyrde på land frå "Prinsesse Ragnhild",  følgde vi køen av bilar frå ferja. No ville vi ut på Autobahn for å kome oss til Hamburg. Autobahn er tyskarane sitt namn på motorveg. Litt øving i å køyre på motorvegar hadde vi frå før, men ikkje mykje, og spesielt ikkje på vegar med fri fartsgrense. 
Fri fartsgrense 
Tyskarane likar å køyre svært fort samanlikna med kva vi er vande med, og difor har dei ikkje fartsgrenser på store delar av motorvegnettet. Det er riktignok slik at tilrådd fart på motorvegane er 130 km/t utanfor tettbygt strok, men det vert ikkje tatt så mykje omsyn til. Autobahn har til vanleg tre køyrefiler i kvar retning, og systemet er slik at dess fortare du vil køyre, dess lengre til venstre køyrer du. Vi fann det tryggast å starte i høgre fila. Dette gjekk eigentleg fint. Over vide sletter krusa vi av stad utan problem. 
Filkøyring 
Om litt fekk vi nokre campingvogner framføre oss. Dei køyrde utruleg sakte, berre ca.80 km/t, faktisk så sakte at vi ville forbi. Med retningsvisaren blinkande mot venstre, og etter å ha kika 3 gongar i  spegelen, tok vi sjansen på å bytte køyrefil. Det gjekk bra. Om litt skifta vi køyrefiler som den naturlegaste ting i verda. Vi vart vande med å ha trafikk på begge sider og fann det mest fornuftig å ligge i midtfila. På den måten slapp vi å køyre så mykje forbi. 
Diselmotoren på vår Toyota Higclass kombi er ikkje akkurat bygt for hurtigløp, men vi klarde oss bra. Det var sjølvsagt ikkje så lurt å opphalde seg for mykje ytterst til venstre, for der suste BMWar, Audiar og Porschar forbi i over 200km/t. Litt skremande det der, spør du meg. 
Køkøyring 
Trafikkkork såg vi lite av, men eit par gongar vart det full stopp. Dette er farlegare enn ein frå først av skulle tru. Når ein kjem i høg fart, kan det vere vanskeleg å oppdage at bilane eit stykkje framfor deg står heilt stille, og faren for kjedekollisjonar er stor. Då er det viktig at den som oppdagar "Staub"(kø), set på naudlysa for å åtvare dei som kjem bakanfrå. Fleire gongar såg vi biltrailarar fullasta med bulka bilar  - truleg resultat av kjedekollisjonar. 
Søvnige sjåførar 
Vi opplevde også noko anna i samband med ei traffikk-kork som eg ikkje trudde var mogleg. På radioen høyrde vi at ein lastebil hadde mista ein stor jernkonstruksjon som låg tvers over vegbana, så det ville bli ei stund før trafikken kom i gang att. Kor uansvarleg går det an å vere med omsyn til sikring av last? Medan vi venta, gjekk nokre ut av bilane og strekte litt på seg, andre tok seg ein liten høneblund. Då trafikken kom igang att, la vi merke til ein stor lastebil som stod stille i midtfila eit stykke framfor. Idet vi passerte, la vi merke til at sjåføren sat og sov i hjørnet av førarhuset. Der sat han altså midt på Autobahn og sov medan trafikken passerte på begge sidene. Snakk om godt sovehjarte! Om han vakna før nokon køyrde inn i han, veit eg ikkje. Kanskje sit han der enno! 
Forureining 
Når du har køyrt ei stund på motorveg, slår det deg at det finst utruleg mange bilar i verda. Ikkje rart at det vert problem med klima og andre ting. Dersom alle desse bilane hadde sett ned farta med nokre ti-kilometer, ville berre det spart mykje energi og reduset utsleppa ein god del. Det rare er at tyskarane ikkje køyrer med lys om dagen med den grunngjevinga at dei vil spare energi, men dei pøser ut drivstoff for å skaffe seg svært høg fart. Forstå det den som kan! 
Fordelen med motorvegar er tydeleg: Ein kjem fort farm dit ein vil, og kan rekke så mykje meir på kort tid. Bur ein midt i Tyskland og har ein god bil, kan ein nå fram til alle kantar av landet på ein dag - og det er ikkje fordi Tyskland er så lite, men fordi ein kan køyre så fort. Å ta frå folk denne retten er nok ikkje så enkelt. 
Men her sat vi altså og foureina, vi med - utan større teikn til dårleg samvit. Om vi slutta å køyre, ville det ha same verknaden som at musa pissa i havet. 
Neste side 
  Til startside