| Hameln:
Rottefangarspel Musikk Arkitektur Rottefangarspel Gatemusikkantar frå Austeuropa Hovudsider:
|
Rottefangarspel Turistnæringa i denne vesle byen har utnytta denne forteljinga på mange kreative måtar. I butikkane finst der eit utal rottesuvernirar i ulike variantar. Vi fall for rottekaker, som var eit bakverk utforma som rotter. På rådhuset er der eit mekanisk rottefangerklokkespel som kjem fram tre gongar om dagen, og fleire av husa i byen har namn etter rottefangaren, t.d. Rattenfängerhaus og Rattenfängerhalle. Kvar søndag i sommarhalvåret vert eit spel om rottefangaren framført på terrassen framfor rådhuset. Vi hadde berekna å kome til dette spelet, men vart desverre for seine. Likevel fekk vi eit plaster på såret då det vart annonsert rottefangarspel i parken på ettermiddagen. Det spelet vi fekk sjå, var ein engelsk versjon framført av barn og vaksne frå den britiske garnisonen i Hameln. Musikk Men Hameln kunne by på meir enn berre rotter og rottefangarar. Svært dyktige gatemusikkantar frå Austeuropa, utekonsert med ei gruppe som spelte og song litt modernisert mellomaldermusikk og tradjazz i New Orleans-stil på ei kneipe var trivelege musikkopplevingar. Arkitektur Gamlebyen, spesielt Osterstrasse, er eit arkitektonisk skattekammer med ei rad flott oppussa hus frå 15- og 1600-talet. Her kan ein sjå bindingsverkhus, fasader med utskorne tre og steinfigurar, murtindar på gavlane, og nokre av husa har inskripsjonar med gotiske bokstavar og gullmaling. Også her, som overalt elles, ser ein verandakasser med raude geraniumar. Eg lurar på om geraniumen er nasjonalblomst i Tyskland. |