Bilen hadde vore på service
Hovudsider:
|
I år var feriemålet Tyskland. Vi hadde tenkt på det lenge, men no skulle det altså bli. Bilen hadde vore på service, og vi var nyklipte og nydusja. Billett var bestilt med Kielferja, og no låg Europa for våre føter. Korleis skulle dette gå? Studier av eit finmaska Tysklandskart hadde avslørt eit virvarr av vegar og stadnamn. Ville det vere mogleg for oss, som stort sett var vande med å køyre mellom Volda og Ørsta, å ta oss fram i ei slik heksegryte? Kva med køyring på motorvegar? Frå avisene hadde vi sett åtvaringar om traffikk-kork både her og der. Landevegsøvarar hadde vi også høyrt om. Kanskje var det dumt å ikkje bestille overnattingar før vi drog? Vi kunne risikere fulle hotell over alt! Likevel gledde eg meg noko fantastisk der eg sat og køyrde nedover Gudbrandsdalen. Dette ville bli ei oppleving for livet! |