OL - for gudane

|
Grekarane trudde på mange gudar. Både byar, elvar, skogar
og fjell hadde sine eigne gudar, men det fanst også gudar for kjærleik,
jakt, krig, og ei rekke andre formål.
Det var viktig å be til gudane og gje dei gåver for at
dei skulle hjelpe menneska.
I alle byar bygde grekarane tempel med statuer av gudane, og fleire
gongar i året heldt dei store festar for dei.
Grekarane trudde at dei gudane som hadde størst makt, budde
på eit fjell som heiter Olympos, men dei ofra og bad til dei på
fleire heilage stader rundt om i Hellas.
Den viktigaste av dei olympiske gudane var Zevs,
som herska over alle gudar og menneske og var herren over himmelen og tora.
Solguden heitte Apollon. Poseidon var havguden, Afrodite var kjærleiksgudinna,
medan Demeter var gudinne for gode avlingar.
|