![]() |
Arbeidsoppgåver |
|||||
|
|
|
|||||
OppgåverFaktaspørsmålArbeidsoppgåver |
Det er her utarbeidd ein del arbeidsoppgåver som ein kan velje
frå alt etter kva fag ein vil integrere og kva tid ein vil bruke
på opplegget. Det er lagt vekt på å lage oppgåver
som kan passast inn i dei fleste fag, og ein ser det som naturleg at elevane
stort sett arbeider i grupper.
Her er det berre å plukke fritt:
|
|||||
| 1. Tenk deg at ein OL meister frå det gamle Hellas fekk vere
til stades under ein sommar-olympiade i vår tid. Korleis trur du
han ville opplevd det?
2.Finn fram kartet av Hellas i atlasen din. Sjå om du kan finne att nokre av stadnamna frå oldtida. 3.Finn ut kva øvingar dei brukte i oldtida og leik OL på den tid. 4. Vel eit deltakarland som du vil gjere deg kjend med.
5.Ta kontakt med næraste handikapidrettslag/helsesportslag og
finn ut kva aktivitetar dei driv.
6.Du er journalist i ei avis i Olympia i år 572 f.Kr. Kva stod det i avisa etter desse leikane? 7. Lag ei statue i leire av ein atletisk gresk idrettsmann. 8. Lag og dramatiser ei samtale mellom ein idrettsutøvar frå gamleHellas og ein utøvar frå vår tid. 9.Kva står OL-ringane for? Bruk atlas og finn dei fem verdsdelane. 10. Dei olympiske ringane er symbolet på venskap. Snakk i grupper og sidan i klassen om OL verkeleg er med på å fremje venskap. 11. Les den olympiske eid.
12. Diskuter i klassen om det finst typiske kvinneidrettar og typiske mannsidrettar. 13. Sjå igjennom sportssidene i ei avis. Noter om dei ulike oppslaga
handlar om kvinner, menn eller begge kjønn. Sjå også
etter bilete.
14. Sjå på sportsrevyen i fjernsynet!
15. Kvinner kunne ikkje delta i leikane i oldtida. Kvifor trur du det
var slik? Korleis er det i dag?
17. Ein god idrettsutøvar må tenke over kosthaldet sitt. Lag ein dagsmeny for ein som må ha overskot og god yteevne. Lag desse måltida på heimkunnskapen. 18. Prøv om du kan lære den greske dansen Zorba. 19.Lag ein aktivitetsdag der nokre av dei olympiske øvingane er med. 20. Mål opp og spring eit sprintløp slik dei gjorde i oldtida. |
||||||
Vurderingsskjema |
|
|||||