![]() |
Olympiske leikar i moderne tid |
|||||
OL i moderne tidideensommarleikarvinterleikar
|
Pierre de Coubertin Den franske baron Pierre de Coubertin ivra for at fysisk trening og idrett måtte få sin naturlege plass i skulen. Han hadde også studert gresk litteratur, og blei fascinert av dei olympiske leikar. Under verdsutstillinga i Paris i 1889, blei det stilt ut ein modell av utgravinga av Olympia. "Når tyske arkeologar har greidd å grave fram ruinane av Olympia, så må franskmennene kunne blåse nytt liv i dei olympiske leikar", tenkte Coubertin. Han såg føre seg ei samla verd på tvers av kulturar, i fredeleg kappestrid. Fleire hadde hatt dei same tankane, og på ein konferanse i Paris i 1894 blei den Internasjonale Olympiske Komite (IOC) stifta. Her vart det vedteke å arrangere dei første moderne olympiske leikane i Aten 2 år seinare. Etter leikane i Aten i 1896 var det krefter som ville at leikane alltid skulle haldast i Hellas. Men Coubertin kjempa gjennom at dei Olympiske Leikane skulle arrangerast i ulike land for på denne måten å uttrykke det internasjonale. Leikane i Aten var sommarleikar. Først i Chamonix i 1924 blei dei første vinterleikane arrangert. |
|||||
Vurderingsskjema |
|
|||||