HOVEDTENDENSER I NYERE NORSK SPRÅKHISTORIE
Hjem til forsiden

Hoved-
tendenser

To 
hovedlinjer

De første reformene

Reformer (1907-1938)

Språknemnd

Språkrådet


Ivar Aasen

Knud Knudsen

Aasen og Knudsen

Dagens språkråd


Ord-
forklaringer

Knud Knudsen og Ivar Aasen:
Jamlikar og motpolar  

Det er kanskje ikkje urimeleg at den som skapar eit nytt skriftmål, får eit større gjetord enn den som berre gjer framlegg om å revidere eit som finst frå før. 

Aasen skapte altså landsmålet, det gjorde ikkje Knudsen med bokmålet. Likevel er det rimeleg å tru at bokmålet i dag hadde vore nokså mykje annleis utan Knudsens innsats. 

Det finst knapt nokon vaksen nordmann som ikkje har hørt om Ivar Aasen, og dei fleste veit vel også ein god del meir om han enn namnet. 

Spør ein etter Knud Knudsen, er det derimot mange som blir flakkande i blikket, medan andre har svaret på reie hand: Han var god til å sykle! Det er likevel ikkje syklisten Knut Knudsen eg skal seie noko om her --å jamføre han med Ivar Aasen ville vel heller ikkje vere så lett. 


Aasentunet

Aasen som reklameobjekt

I mange sammenhenger er Ivar Aasen langt mer populær og omtalt enn "motpolen" Knud Knudsen. Både i denne tobakksreklamen, og i bildet til Theodor Kitelsen (under) er det Aasen/ Aasentunet i Ørsta som er motivet.

Språkmennene Knud Knudsen og Ivar Aasen hadde derimot atskillig sams. Samtidig er det på andre måtar naturleg å sjå dei som motpolar. 

Det som gjer Ivar Aasen langt meir kjend enn Knud Knudsen, er nok det at Aasen var målreisar medan Knudsen var målbøtar,  for å bruke uttrykk dei sjølve gjerne nytta. 

I dette ligg det at Aasen laga eit heilt nytt skriftspråk - landsmålet - bygd på dei norske dialektane. Knudsen agiterte derimot for å endre det danske skriftspråket litt etter litt.

Norsk språkråd (http://www.sprakrad.no/)

Av Arne Torp
Artikkelen er hentet fra Språknytt og er gjengitt med tillatelse fra Norsk språkråd.

Hjem til forsiden Neste

OPPGAVE I INFORMATIKK 1 VED HØGSKULEN I VOLDA AV INGVILL HOLE inhole@student.hivolda.no