
Sogespel
Losna i dag
Bårehella |
Rike
og mektige !
Sulingane
er, om ikkje statistikken lyg, ikkje blant dei rikaste og mektigaste her i landet lenger.
Det er tider, her i Distriktsnoreg, at ein skulle ønske at kommunen hadde slekter som var
like rike og mektige som Losnaætta i si tid var.
Denne
ætta var ei av dei rikaste og mektigaste vi har hatt her i landet. Losnaætta hadde
truleg hovdingssetet sitt på Losna.
Ætta
hadde sitt politiske høgdepunkt i siste halvdel av middelalderen, med stor innverknad på
landsdel- og riksstyring.
Losnaætta
stod under unionsfellesskapet med Danmark på danskekongen si side.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet
til Solund har si historiske forankring i Losnaætta sitt store, fargerike og samansette
våpenskjold.
Våpenmerket
skal prøve å gjengi og illustrere det særmerkte for Solund naturen - eit band av øyar
mot vest med sund i mellom. Kommunen består berre av øyar, i hovudsak nord-sør
orienterte, ved sida av kvarandre mot vest.
Bårehella
på Losna
Etter
det sagnet fortel skal ein ha nytta bårehella til likskode. Ein plasserte den døde på
hella før gravferda. Det vert også sagt at vatnet som vert ståande i ei fordjupning i
hella, skal ha lækjande effekt.
Ikkje
spor !
Det
er ikkje gjort funn eller arkeologiske utgravingar som kan stadfeste at det har vore eit
hovdingssete på Losna. |
Våpenskjoldet
til Losna-ætta

Trykk
!
Losna
-sogespel:
I
1998 vart det fyrste sogespelet om Losna avvikla med kring 700 tilskodarar fordelt på to
dagar.
44
skodespelarar deltok.
Spelet
har historisk forankring og er skrive av:
Rolf
Losnegård
Også
i 1999 vil du kunne oppleve dette.

|