|
|
Stakken, kèpen og skjorta vert sydd med fleire ulike teknikkar: holsaum, plattsaum, piperynking, folding, knutar og eit slags renningsmønster eller ein slags vev.
Broderiet på stakken og skulderklaffane
på skjorta har plattsaum. Då fyller ein ut eit oppteikna mønster
frå kant til kant. Ein kan også sy mønster på
frihand. Broderiet skal også ha nokre knutar eller perler. Dette
er valfritt. Elles skal broderiet ha eit slags renningsmønster,
som ser ut som eit "spindelvev".
Folding er å legge stoffet
delvis lagvis over kvarandre, medan piperynking er små sydde rynker.
Ein tråd gjennom det piperynka partiet held forma på plass.
Ved silketykk må mønsteret
overførast på ein positiv film. Dette skjer ved at omrisset
til mønsteret vert kopiert over til filmen. Omrisset må vere
farga. Denne filmen må leggjast på ein silkeduk, som då
skal belysast fotografisk. Lyset vil trekkje seg gjennom mønstra
og herde på duken. Etter på skal ein vaske vekk det som vert
svart.
Alle desse teknikkane kan brukast i skulen i mange ulike formingssamanhengar. |