Desse sidene er meint som ein startressurs
for fordjuping i komponisten, forteljaren og skodespelaren Tom Waits.
Det er håpet at sidene skal sette i
gang interessa for denne snodige artisten.
Dette er ikkje opplysingar som er meint å påverke i retning av ei viss oppfatting av korleis musikk bør vere, men beint fram av kjærleik til det Tom Waits står for som artist og "krydderblanding".
Tom Waits, som er skildra som delvis komiker,
delvis forteller, balladesongar og poet, vil neppe verte rekna som ein
del av ei "bølge" av musikk der ein er ein av mange. Han er unik
innan verda av kommersielle salsvarer.
Det er likefullt enkelt å finne klare
referansepunkt der ein ser påverknad frå andre.
Det kan vere interessant å fordjupe seg i lettare litterære samanlikningar for å "stadfeste" likskapar med forfattarar som står nemde i "Historia".
Likefullt er det mogleg å vinne noko på å sjå nærare på dei musikalske påverkarane som vert nemnt samme stad.
Ein vil vanlegvis sjå denne type problemstillingar
i samanheng med pedagogisk verksemd i høgare ungdoms-steg.
Men eg har personleg prøvd å
spele m.a. Tom Waits versjon av "Somewhere (from West Side Story)" etterfulgt
av (-eg trur det var-) Sissel Kyrkjebø sin versjon av samme song
for elevar langt nedover i alderstrinna.
Reaksjonen var stor, med utbrot som:"Han (Waits) høyrdest ut som han ville til himmelen, medan ho (antakeleg Sissel) høyrdest ut som ho allereie var der."
Med Waits' si særprega stemme er det
lett å få reaksjonar. Dette burde vere interessant for lærarar(?).
Tom Waits sin musikk er ubrukeleg som bakgrunns-muzak;
til det krever den for mykje merksemd.
Nyt kontrastane og få eit rikare liv som lyttar!
(Dette var meint som ei halvveges agitatorisk helsing til både elevar og lærarar.)
Helsing
Jann Ove Ertresvåg