Historie
Tilbake til hovudside

                                        1.Tidlig.
                                        2.Nattelivet.
                                        3.Kerouac, Ginsberg, osv..
                                        4.Oppdaga som artist.
                                        5.Den første turnèen.
                                        6.Fortsatt oppvarmingsartist.
                                        7.To veker i London.
                                        8.Affidavit.


Tidlig

Tom Waits vart født i baksetet i ei drosje rett utanfor eit sjukehus i Pomona, California den 7ande Desember 1949.

Oppveksten var  eit omflakkande liv i ymse byar  alt etter kvar faren hans fekk arbeide som spansklærar.

Langsmed og etterkvart som han vart ferdig med si lite suksess-fyllte karriere som skuleelev, oppdaga han foreldra si samling av 78-plater. Artistar som Perry Como, Bing Crosby, Cole Porter og George Gershwin vart viktige.
Dette i kontrast til kva som ellers var i fokus hos tenåringar i California på seksti-talet: Brian Wilson's Beach Boys surfe-musikk, og etterkvart den utfrika syre-rocken frå San Francisco og folk-rock frå Los Angeles.

Han vart interessert i fridomen og intrigene i nattelivet, og vart fanga opp av ein livsstil som hadde fascinerande vendingar og provoserande ytringar.

Til Historietoppen

Nattelivet

Han fekk, etter å ha vore innom ei rekke betalte syslar, jobb som dørvakt ved ein no nedlagd nattklubb  i L.A. som heitte The Heritage."I listened to all kinds of music there. All kinds of stuff from rock to jazz to folk to anything else that happened to walk in", minnast han.

"One night I saw a local guy onstage playing his own material.  I  don't know why, but at that moment I knew that I wanted to live or die on the strenght of my own music."

Det var også her han starta å nytte teknikken med å skrive ned folk sine samtalar rundt baren. Når han så sette saman tekst - bolkane fann han musikk gøymt der.

 Til Historietoppen

Kerouac, Ginsberg, osv..

Etterkvart oppdaga han og tok til seg arbeida til forfattarar som Jack Kerouac, Gregory Corso, Allen Ginsberg og andre frå "the Beat Generation",  som han med meir eller mindre rette seinare har vorte identifisert  med.
Minst like viktige, ifølge Waits sjølve, var  Irving Berlin, Johnny Mercer og Stephen Foster.

 Til Historietoppen


 
Oppdaga som artist

Ein kveld Waits hadde forestilling på the Troubadour var Herb Cohen der. Dette var 1969 og Herb Cohen var manager for artistar som Mothers of Invention, Captain Beefheart og Linda Ronstadt. Ein viktig bransjemann.

Waits fekk der og då tilbod om kontrakt med Cohen som låtskrivar og artist. Dette kom som eit sjokkerande og uventa lukketreff med skjebna, og sjølvsagt  tok han imot tilbodet.

Det gjekk imidlertid litt tid før det skjedde noko meir, men i 1972 teikna han kontrakt med Asylum Records. Med den tidlegare Lovin'Spoonful-medlemet Jerry Hester som produsent og arrangør laga Waits albumet "Closing Time."

Dette vart ei lågmelt plate med ømme tekstar om kjærleik, einsemd og indre fred. Kritikarane roste denne plata, men den vart ingen kommersiell suksess. Ein song, "Ol'55" vart seinare gjeven ut med storgruppa The Eagles og vart med det ein klassikar om fridomen på freeway'en.

Til Historietoppen

Den første turnéen

No var det turné-livet med ein trio som venta, der mindre klubbar vart vitja. Dette viste seg å vere ganske vanskeleg for Waits. "It was the old case of the one-size-fits-all industry-push on a new songwriter;  throw you out there and see what you can do.
I didn't know what the hell I was doing."

Det verste kom då han skulle vere oppvarmings-artist for Frank Zappa og The Mothers of Invention på ein turné. Publikum som kom for å høyre eksperimentell psykedelia frå Zappa viste seg svært lite imøtekomande i høve Waits lågmelte ytringar.
Folk samla seg framme ved scenekanten, spytta på han og forbanna han. Ein vanskeleg situasjon å kome opp i.
"I'd stand there and say: - Well, thank you. Glad you enjoyed that one. I've got a lot of new material I'm going to play for you tonight.- It went right downhill and I never got my fingers underneath to pull it up. Its amusing in retrospect, but there were some nights when, Jesus Christ, does this type of work look interesting to you?"

Deretter var det tilbake til studio for å gjere det andre albumet , "The Heart of Saturday Night".  Her vart det meir ordspel og litt  meir jazz- innverknad på arrangementa. Ein levande og original biletbruk i tekstane, og songaren Waits har modna.
Ein viktig faktor her var at dette vart den første plata Bones Howe produserte. Bones Howe hadde visjonar om korleis opptak skulle gjerast, noko som mellom anna skulle gjere særleg dei seinare Asylum-innspelingane til særs fint avstemte direkte til to-spors opptak (ref. til "Blue Valentine").
 

 Til Historietoppen 
Fortsatt  oppvarmingsartist

Likefullt var det no slik at det ikkje gjekk så bra som live-artist.
Han vart tvungen å turnére åleine av økonomiske årsaker, trass det at han stadig fekk eit solid og veksande publikum.

1975 og "Nighthawks at the Diner" : Ilag med Bones Howe baud han inn publikum til ein konsert i The Record Plant lydstudio i L.A.. Dette vart eit dobbelt-album som også vart hans første nederlag hos musikk-pressa.

Som oppvarmingsartist, mellom anna for gruppa Poco, var livet vanskeleg og utakknemleg. Det var uvennlege publikum og feil spelestader. Travelt og negativt.

Den travle turné-timeplanen fekk også den uønska effekt at det knapt vart tid til å skrive nye songar. "No privacy, someone always pulling my coat. No time to sit down at a piano without being disturbed."

Til Historietoppen

To veker i London

Etter å ha avbrutt turnéen sin i Europa, booka han seg inn på eit hotell i London og vart verande i to veker.
Han komponerte der 20 songar, 11 som endte opp på plata "Small Change".

Her får ein høyre Tom Waits på sitt lågaste og kaldaste (?). Eit  hardt  turnéliv med whisky og sigarettar hadde sett sitt preg på stemma hans; no var den eit mørkt, skarpt brumlande alvor. Full av nyansar, men "like Satchmo without the joy". Mykje av det optimistiske skråblikket på livet har her stukke av saman med forhåpningar til løftet om natta og om det frie livet på vegen.

Denne plata var tydelegvis eit oppgjer med seg sjølve og hans livsstil fram til hit.
Det vart klart at det ikkje var enkelt å vere ein som skulle kommentere det produkt-orienterte amerikanske samfunnet samstundes som den karakteren han framstillte tok over personlegdomen hans og livet hans.

"I tried to resolve a few things as far as this cocktail-lounge, maudlin, crying-in-your-beer image that I have. There ain't nothing funny about a drunk. You know, I was really starting to believe that there was something amusing and wonderfully American about a drunk. I ended up telling myself to cut that shit out. On top of everything else, talking about boozing substantiates the rumours that people hear about you, and people hear that I'm a drunk. So I directed that as much to the people that listen to me and think they know me as much as I directed it to myself."

 Til Historietoppen

Affidavit

Kva er viktig for han?

"I'm not money oriented except to the point that I have bills to pay and I have to support a trio.
I want to be respected by my peers and I want my old man to think that what I'm doing is something good. For me, it's more of an internal thing. I'm just trying to do something that I think is viable, that I can be proud of, trying to create something that wasn't  there before.
My wants and needs are small and limited. I'm not going into real estate or bying oil wells or becoming a slumlord."
 

(Fritt etter eit intervju Rolling Stone Magazine - 1976)
 

Til Historietoppen

 Tilbake til hovudside