1. Stemma.
2. Om kunstnerar sin rett
til å vere rotete.
3. Gitar.
4. Songar.
5. Blues.
6. Elvis.
7. Krokete og rett.
"I always hated the sound of my voice when I was a kid. I wanted to sound more like my uncle Vernon, who had a raspy, gravelly voice. Everything Vernon said sounded important, and you always got it the first time because you wouldn't dare to ask him to repeat it."
"Etterkvart fekk eg vite at onkel Vernon hadde hatt ein strupe-operasjon som liten gutt. Det var slik han fekk si stemme og slik eg mi, fordi eg ville høyrest ut som han."
Om kunstnerar sin rett til å vere rotete
"På søndagar brukte vi alltid å besøke onkel Robert som var organist i ei metodist-kyrkje i La Verne i California.
Onkel Robert hadde eit pipeorgel heime i huset sitt og dette gjekk
heilt gjennom taket.
Når han spelte, smørte han i hop alle notane som
om det var smelta fargestiftar og heile huset skalv.
Eg hugsar også at heile huset hans var eit totalt rot. Kleda hans
låg overalt og senga var aldri reidd opp.
-Javel, slik er det i underhaldningsbransjen, sa eg til meg sjølve.
Eg spurde mor mi kvifor eg ikkje kunne få ha rommet mitt slik
som onkel Robert.
Ho svarte då: - Tom, din onkel Robert er blind."
Til Musikktoppen
"Eg har lært ein god del om musikk gjennom andre musikerar og
frå å lytte til verda rundt meg. Men då eg vaks opp
i Whittier var der ein raudhåra gut som heitte Billy Swed som budde
med mor si i ein tilhenger attmed jarnbana.
Billy er den som lærte meg å spele i moll.
Billy gjekk ikkje på skule. Han drakk og røykte allereie
som 12-åring.
Det var særs vanskeleg å kome fram til der dei budde, ein
kunne gå seg vill mellom alle buskene og små dalar som var
forsøpla med gamle madrasser og tomme målings-spanner.
Medan Billy lærte meg å spele, la eg merke til at han likte å teikne på sine jeans med penn. Kvar tomme var dekt med disse rare, forbudte hieroglyff - tatoveringar som eg konstant prøvde å desiffrere. Eg var sikker på at dette var hans eige musikknotasjons - system og at han hadde hundrevis av songar skrive på buksene sine.
Mor til Billy var enorm. Eg såg på ho, og så såg eg på døropninga på tilhengaren, og så tilbake på henne; og eg møtte her mitt første ekte matematikk - problem!
Korleis kunne fru Swed kome seg gjennom den døra? Som åtte-åring, tenkte eg at fru Swed var som eit skip i ei flaske og at ho ville aldri vere i stand til forlate denne staden.
På ein måte kom tilhengaren, sumpen, og fru Swed ut av moll - gitaren til Billy.
Nyttårsdagen, etter ei veke med tungt regnvær, drog eg tilbake
for å møte dei att, men Billy og mora hadde reist.
Men den hemmelege kunnskapen om akkordane han lærte meg vog meir
enn det eg lærte på skulen, og den gav meg eit fundament for
musikk."
"Eg har alltid elska songar med eventyr, mord-ballader, songar
om skipsvrak og fryktelege handlingar om laster og heltemot. Erotiske forteljingar
om forføring, songar om romanse, vill tapperheit og om mysterier.
Alle har ein eller annan gong hatt lyst til å leve inni ein song.
Songar der folk dør for kjærleik. Songar om folk som er på
rømmen. Songar om spøkelses-skip eller om bank-ran. Eg har
alltid hatt lyst til å leve inni songar og aldri kome tilbake. Songar
som er oppskrifter på overtru eller er om uforklarlege forsvinningar."
"På sørsida av Chicago, på the Checkerboard Lounge, spelte ein gong den siste store bluesmann, Hound Dog Taylor. Det var eit villt publikum og han vart svært plaga av ein fyllik på første rad. Hound Dog trakk fram ein kaliber 38 revolver, skaut fylliken i eine foten, stakk revolveren tilbake i lomma, og sang frå seg songen. Eg har mange gonger tenkt eg skulle gjere dette men eg har aldri hatt mot nok."
"Eg var nyleg i Memphis i eit brudlaup og eg kunne ikkje motstå
å besøke Graceland. Spesielt godt likte eg skot-såra
i konstruksjonane og at dei rødmande omvisar-jentene med sine utanat-tekster
gestikulerte og sa:"Elvis og gutta hadde det berre litt for artig ein kveld
og starta ei skyte - øving."
Dei sa også at Elvis hadde plukka ut alt møblementet til
the Jungle Room i løpet av berre30 minutt!"
"Ungane mine har merka at eg ikkje er akkurat slik som andre pappa'ar.
- Kvifor er ikkje du på jobb slik som alle andre? spurde dei
meg her eine dagen.
Eg fortalte dei denne historia:
I skogen var der eit krokete tre og eit rett tre.
Kvar dag sa det rette treet til det krokete:
- Sjå på meg, eg er høgt og rett og eg er pent.
Sjå på deg , du er krokete og bøyd. Ingen vil sjå
på deg.
Og dei vaks opp i skogen i lag.
Og så ein dag kom det tømmerhoggarar forbi. Dei såg
det rette treet og det krokete, og dei sa: - Høgg ned kun det rette
treet og lat resten stå.
Så vart det rette treet til tømmer og tannpirkerar og
papir.
Og det krokete treet er der endå, og det veks seg sterkare og rarare for kvar dag."