Innleiing 
Kva er ein kommune?  
Kommunens oppgåver
Kven gjer kva? 
Politisk styring   
Organisering 
Kommunal ordliste   
Statistikk   
Lenker til andre sider  
    
  
Til hovudsida  
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer. 
 


Kven gjer kva? 
    Når vi som innbyggjarar har eit ærend på eit kommunalt kontor, lurer vi ofte på kven vi skal venda oss til for å få den hjelpen vi treng. Det verkar for mange som det er eit hav av folk og vi kan av og til lura på kva alle desse gjer.  

    Så har vi ein del politikarar som også har ein funksjon, men bortsett frå ordføraren, treff vi som regel ikkje desse på kommunekontora.  

    Vi skal først sjå på kva som er forskjellen mellom ein politikarar og dei som arbeider i kommunen. Deretter blir det ei kort skildring av ulike politiske utval og funksjonar og så kjem ein oversikt over dei vanlegaste kommunale avdelingane og kva dei gjer. 

    Forskjellen mellom politikarane sin rolle og administrasjonen/dei tilsette sin rolle, er at det er politikarane som bestemmer kva som skal gjerast og så er det administrasjonen sin oppgåve at det blir gjort. Ein annan viktig forskjell er at politikarane blir valde av innbyggjarane for fire år om gongen, mens dei som arbeider i kommunen blir tilsett som regel til dei seier opp sjølv eller for eit bestemt tidsrom (vikar). 

     
     Kommunen sine oppgåver    Hovudsida     Politisk styring.