Innleiing
Kva er ein kommune? 
Kommunens oppgåver
Kven gjer kva?   
Politisk styring 
Organisering     
Kommunal ordliste 
Statistikk 
Lenker til andre sider
   
   
 

Til hovudsida  
 
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer. 
 

Innleiing - til læraren 
    Dette hypertekstdokumentet er laga som svar på ei prosjektoppgåve i IT-1. Oppgåva går ut på å laga eit læremiljø ved hjelp av hypertekst som kan vera nyttig for lærarar og/eller elevar andre stader i landet vårt. Eg har valt å svara på oppgåva ved å la lesarane bli kjent med Kommunen.  

    Grunnen til at Kommunen står med stor K er at det skal illustrera ein tenkt "normal kommune". Kommunenorge er i stadig endring for tida, så det kan vera andre måtar å organisera seg på enn det som eg har skissert her. Eg har gjort eit forsøk på å beskriva det generelle framfor det spesielle, og mange element er like sjølv om oppbygginga og organiseringa er ulik. 

    Eg kjem ikkje til å beskriva eit konkret undervisningsopplegg, men eit hjelpemiddel eller ressurssider som kan brukast på følgjande måtar: 
     
    for lærarar som eit ledd i førebuing/supplement til læreboka 
    eit hjelpemiddel til å laga eit undervisningsopplegg der elevane lærer seg korleis Internett verker samtidig som dei lærer noko om kommunal forvaltning. 
    som introduksjon til eit undervisningsopplegg der elevane først lærer seg noko generelt om Kommunen og deretter bruker dette vidare i eit tema som er knytt til deira heimkommune. Dei kan då stilla seg spørsmål som "kva vil eg læra meir om", og har forhåpentlegvis betre forutsetning for å velja dette.
     
    Fordi dette er eit hjelpemiddel som kan brukast på fleire forskjellige måtar er det heller ikkje naturleg å knyta dette til eit spesielt klassetrinn. På grunn av at eg går ganske grundig inn i emne, reknar eg med at det er mest aktuelt å bruka i ungdomsskulen, men deler av opplegget kan også brukast på mellomtrinnet. Emnet er fyrst og framst knyta til samfunnsfag men ein kan sjølvsagt og ta med fleire fag som norsk (lesa og skriva) og matematikk (innsamling og bearbeiding av data, ved hjelp av dei eksterne lenkene). 
    Elles viser eg til L97 og kva denne seier om mål og innhald for dei aktuelle faga.

    Det er to måtar å bevega seg rundt i dokumentet på. 
    Ved hjelp av menyen øverst til venstre på kvart dokument  (), eller framover i dokumentet, bakover i dokumentet eller til hovudsida ved å klikka nederst på kvar side. 
    Den sida du er på blir vist med gule bokstaver i menyen. 

    Dersom du ønsker å ha desse sidene lokalt på skulen sin maskin eller server, har eg pakka saman dette til ei fil som du kan lasta ned her
    Du treng WinZip for å pakka ut fila etterpå. 

    For best inntrykk av sidene bør ein bruka Explorer eller Netscape 3.0 eller høgare og ha ei oppløysning på skjermen på minst 800 x 600 pixler. 

    Litteratur eg har brukt: 
    Temahefter - Kommunal opplæring 
    Leif Ekle, Knut Houge - Tusen ord og uttrykk i det offentlege 
     
     

        Hovudsida          Kva er ein kommune ?