Innleiing  
Kva er ein kommune?  
Kommunens oppgåver
Kven gjer kva? 
Politisk styring   
Organisering 
Kommunal ordliste 
Statistikk 
Lenker til andre sider 
  
  
 

Til hovudsida  
 
 
 
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer. 
 


Kva er ein kommune? 
- føremålet med å dela landet inn i kommunar.

    Norge er, som andre land, delt opp i ei rekkje statlege administrasjonseiningar som: 
       fylke 
       lensmannsdistrikt 
       post og telegrafdistrikt 
       prestegjeld  
     
    Dette er nødvendig både for at staten skal kunne styre landet på ein effektiv måte, og for at befolkningen sitt behov for offentlege ytingar og tenester skal bli tilfredsstillande dekka. 

    Dessutan er landet delt opp i kommunale einingar som kommunar og fylkeskommunar. Vi seier at vi har tre forvaltningsnivå innanfor det offentlege, staten, fylkeskommunen og kommunen. 

    Kommune er fellesnamnet på by- og landkommunane. Desse kommunane blei oppretta ved formannskapslovane av 14. januar 1837 ved at kjøpstadene og dei fleste ladestada den gong blei gjort til bykommunar, mens landkommunane (heradene) stort sett følgde inndelinga til prestegjelda. Det var opphavleg 37 bykommunar og 355 landkommunar, altså til saman 392 kommunar i alt. Etterkvart blei det gjort ein del oppdelingar slik at det på det mesta, i 1957, var 744 kommunar. Seinare har ein del av desse blitt slått saman igjen og endra på slik at det nå er 435 kommunar i Noreg. Det har i dei siste åra blitt sterkt fokusert på at endå fleire kommunar bør bli stått i saman spesielt kommunar med under 5000 innbyggjarar. 

    Det som særmerker dei  kommunale einingane, er at innbyggjarane i kvar av desse har eit visst sjølvstyre, dvs. at dei i ein viss grad kan avgjera sine eigne lokale saker. 

    På same måte som staten blir styrt av representantar som blir vald av innbyggjarane i heile riket, blir kommunane styrt av representantar som blir vald av kvar av desse sine innbyggjarar, kommunane er altså ein slags miniatyrstatar. 

    Dette betyr likevel ikkje at kommunane kan riva seg laus frå staten og for eksempel nekta å la innbyggjarane betala statsskatt eller utføra militærteneste. Kommunane må respektera staten sine lover og det er bare innanfor den rammen som til ein kvar tid er trekt opp i loven at dei har sjølvstyre.  

    Vi seier at staten styrer over kommunane på to måtar, gjennom lovverket og gjennom økonomiske rammer. 

    Formålet med dela landet opp i kommunar kan oppsummerast slik:  
     
    • Letta og rasjonalisera statsforvaltninga. 
    • Avlasta staten for ei rekkje lokal oppgåver. 
    • Lokale krefter gjennomfører tiltak som bør vera felles og likearta for heile riket, t.d. grunnskulen. 
    • Tene til stimulering av den politiske interessa og den lokale tiltakslyst, og til å fremma reint lokale formål og dermed utbygging av landet. 
      
     

      Innleiing       Hovudsida     Kommunen sine oppgåver