Ord/utrykk
|
Forklaring
|
| Administrasjonssjef |
Øvste leiar i kommunen, det same som rådmann. |
Anke
|
Klage eller innvending. Blir brukt om klage på offentleg sakshandsaming
i ulike samanheng. |
| Arealplan |
Plan for kva man skal bruka visse område til. |
| Arkiv |
Oppbevaringsstad for dokument, brev og liknande. Kommunane er pliktige
til å ha eit arkiv og det er visse regler knyta til eit slikt arkiv. |
| Avgifter |
Viktig kommunal inntektskjelde. F.eks vannavgifter og kloakkavgifter. |
| Avstemming |
Verkemiddel for eit kommunalt organ til å tak ein avgjer i ei
sak. |
| Brukar |
Person som nyttar seg av kommunalt/offentleg tilbod |
| Budsjett |
Oppsett plan over forventa utgifter og inntekter i ei verksemd |
Bydelsutval
|
Politisk oppnemnd utval i ein geografisk del av kommunen. Blir mest
brukt i større byer. |
| Byråkrati |
Styringsapperat. Blir ofte brukt i negativ tyding - tungrodd, embetsmannsvelde |
| Bystyre |
Anna namn for kommunestyre i kommunar med bystatus, f.eks Oslo bystyre. |
| Delegering |
Overdraging. Å overlate ein klar definert mynde og eit ansvar
til ein annan/andre. Politikarane delegerer ofte ein stor del av oppgåvene
til administrasjonen. |
| Eigenandel |
Den del at dei reelle utgiftene for ein teneste som brukaren må
betala. F.eks eigendel for lege, heimehjelp. |
| Etikk |
Morallære. Blir i det offentlege brukt om skrivne og uskrivne
regler for korleis politikarar og tilsette bør utføra sine
oppgåver. |
| Familiebarnehage |
Barnehage. Ein slags offentleg dagmammaordning for eit eller fleire
barn i eigen heim. |
| Folkevald |
Representant for Stortinget, fylkestinget eller kommunestyret som blir
vald direkte av folket i val. |
| Foreldreråd |
Det skal vera eit foreldreråd ved kvar skule. Alle foreldre som
har barn på skulen, er medlem av dette rådet. |
| Fortruleg |
"Hemmeleg" Ei sak eller saksopplysning som ikkje skal refererast til
uvedkommande, |
| Forvaltning |
Den utøvande verksemd som blir utført av offentleg administrasjon
i stat. fylkeskommune eller kommune. |
| Fylkesmann |
Staten sin representant i fylket. Fører tilsyn med kommunane.
godkjenner årsbudsjett og låneopptak.. Klageinstans |
| Fådelt skule |
Skule der to eller fleire klassetrinn får undervisning i saman. |
| Gruppemøte |
Møter som eit parti si gruppe eller fraksjon (del av partiet)
har forut for møter i f. eks kommunestyre. |
Heradsstyre
|
Gammalt namn for kommunestyre i landkommunar. |
| Heraldikk |
Læren om skjoldmerker, våpenmerker, familievåpen
og kunsten å utforma slike. Aktuelt i samband med utarbeiding av
kommunevåpen |
| Høyring |
Omfattande system for innhenting av reaksjonar og uttale frå
berørte partar i ei sak, offentleg utredning, lovforslag og liknande. |
| Inhabil |
I kommunal forvaltning er personer inhabile dersom dei har personlege
interesser i ei sak, eller er i slekt med eller står i nært
vennskapsforhold til ein av partane. |
| Innsynsrett |
Den enkelte innbyggjar si rett til å gjera seg kjent med opplysningar
i offentlege arkiv. |
Investera
|
Setta inn og binda opp ressursar - for eksempel pengar, tid, arbeidskraft
- i eit bestemt formål. |
| Kemner |
Gammal tittel på kommunal tenestemann som krev inn kommunale
skattar og avgifter. - er framleis i bruk ein rekke stader. Blir som oftast
kalla kommunekasserar. |
| Kommunal og regionaldepartementet |
Departementet med ansvaret for spørsmål som gjeld arbeidsmarknaden,
samane, innvandrarar, arbeidsmiljø, tryggleik på kontinentalsokkelen,
tariffkonflikter og mekling, bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk,
lokalforvalting og gjennomføring av val. Departementet sine
arbeidsoppgåver varierer med politiske
prioriteringar og aktuelle samfunnsproblem og utfordringar. |
| Kommunaldirektør |
Blir brukt i større bykommunar. Administrativ leiar for ein
verksemd i kommunen. |
| Kommunalråd |
Heiltidstilsett politikar. Blir brukt i større bykommunar. Blir
fordelt mellom partia i forhold til deira oppslutning ved sist kommuneval.
Ein kommunalråd er som regel leiar i eit hovudutval. |
| Kommune |
Eit geografisk avgrensa område med eigen valde representantar
og eigen organisasjon for å løysa ein del felles oppgåver.
Er i utgangspunktet underlagt staten, men har fått delegert mynde
til å avgjerda somme lokale saker. |
| Kommunegrenser |
Blir regulert av staten. Kjelde til sterk lokal motstand og strid.
sjå også kommunesamanslåing |
| Kommunelege |
Kommunalt tilsett lege med det faglege ansvaret for helsetenestene
i kommunen. |
Kommunenes
Sentralforbund |
Forkorta KS. Medlemsorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar. |
Kommunenummer
|
Kvar kommune har eit eige kommunenummer på fire siffer. Dei to
første siffera viser til kva fylke kommunen ligg i. Her
er ein oversikt. |
| Kommuneplan |
Plan for å utføra ein løpande planlegging for å
samordna fysisk, økonomisk og sosial utvikling i ein kommune. |
| Kommunesamanslåing |
Prosess der to eller fleire kommunar blir slått saman til ein. |
| Kommunevåpen |
Kvar kommune har sitt eige våpenmerke. Det finnes eit sett allment
aksepterte regler for konstruksjon av slike våpen, bl.a. at det bare
skal bestå av eit motiv. Skal godkjennast av statleg instans.
Du kan sjå ein samling av slike på hovudsida. |
| Lover |
Det er ei mengd med lover som styrer kommunane sitt arbeid, dei viktigaste
er: kommuneloven, offentleghetsloven, forvaltningsloven, |
| Mindretal |
Blir ofte brukt i politisk samanheng om den part eller gruppe som ikkje
vinn fram med sitt syn |
| Norges Kommunalbank |
Statsbank som gjer lån og garantier til kommunar. |
Postarkiv
|
Register for å ta vare på alle brev og dokument som går
inn og ut frå ein kommune. Dokumenta blir sidan arkivert etter standarkodar
som gjeld for alle kommunar. |
| Privatisering |
Bortsetting av offentlege tenester eller eigendom til private |
| Replikk |
Når ordet blir gitt utanom ordinær taleliste, som direkte
tilsvar til eit føregåande innlegg. |
| Saksbehandlar |
Blir i kommunal samanheng brukt om tenestemann som førebur saker
og kjem med forslag til vedtak eller avgjerd. |
| Skatteinngang |
Den samla inntekta ein kommune eller staten har frå sine skattytarar. |
| Sosialstønad |
Økonomisk hjelp til personer som ikkje har nok pengar til eige
livsopphald. Stønaden kan gis som bidrag, lån, garanti for
lån eller som varer og tenester. |
| Varaordførar |
Blir vald av kommunestyret, ordføraren sin stedfortreder. |
| Votering |
Avstemming. Det å stemma. |
| Økonomiplan |
Plan over økonomien og økonomiske prioriteringar for
dei neste fire åra. Blir vedtatt av kommunestyret kvart år. |
| Økonomistyring |
Tiltak for å halda kontroll med inntekter og utgifter |
| Årsmelding |
Skriftleg rapport om resultata av (her: ) kommunen sitt arbeid eller
drift i eit år. |
| Årsrekneskap |
Regnskap for eit år |