Innleiing    
Kva er ein kommune?  
Kommunens oppgåver
Kven gjer kva?   
Politisk styring 
Organisering     
Kommunal ordliste   
Statistikk   
Lenker til andre sider 
 

  Til hovudsida  

 
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer. 
 


Politisk styring. 
    Det øvste politiske styre heiter kommunestyret.  
    Samansetjinga i kommunestyret blir bestemt av veljarane ved kommuneval kvart 4. år. Kvart parti fører opp sine kandidater på ei liste, så vil anntal listestemmer avgjer kor mange representantar frå det partiet som blir vald. 

    Kommunestyret sin oppgåve er å ta seg av dei overordna og viktigaste sakene. Det er dei som bestemmer kva for oppgåver som skal løysast til ein kvar tid. Vanlegvis blir ein god del av sakene delegert til underordna utval, eller til administrasjonen/rådmannen. 

    Formannskapet kan seiast og vera kommunestyret sitt arbeidsutval. Dei består av færre medlemmer ca. 1/4 av kommunestyremedlemmene og har oftare møter. Mange saker blir avgjort i formannskapet, men nokre må gå vidare til kommunestyre for endeleg handsaming. 

    Kommunestyre og formannskapet blir leia av ordføraren som er den øvste politiske leiaren i ein kommune. Det er kommunestyret som bestemmer kven som skal vere ordførar, som regel er det ein frå det partiet som har flest representantar. 

    Når det gjeld andre politiske utval kan dette variera veldig frå kommune til kommune, men som oftast har ein:  

    Administrasjonsutval: 
    Utval som handsamar saker som vedkjem tilsette i kommunen. Består av politikarar og representantar frå dei tilsette. 

    Arbeidsmiljøutval  
    Utval som handsamar saker som er av vedkjem arbeidsmiljøet. Består av politikarar/leiarar i kommunen og representantar frå dei tilsette. 

    Barnehagenemnd   
    Politisk organ som skal leia og ha ansvar for barnehageverksemda i kommunen. 

    Barnevernsnemd  
    Organ med ansvar for barnevernssaker 

    Bygningsråd  
    Utval som bl.a. skal avgjera søknader om byggetillatelse.  

    Forliksråd  
    Kommunal rettsinstans med representantar vald av kommunestyret. Dei fleste sivile saker som skal gjennom ein rettsinstans må opp i dette rådet først.  

    Hamnestyre  
    Kommunalt organ som handsamar hamnesaker i samsvar med hamneloven. Finnes bare i kommuner med hamner. 

    Helse og sosialstyre  
    Kommunalt organ som fører tilsyn med helse og sosialtenesta i kommunen. 

    Kulturstyre  
    Organ for kinodrift, fritidsklubbar og andre kulturelle saker 

    Landbruksnemnd  
    Handsaker saker som vedkjem landbruk og skogbruk. 

    Skatteutval  
    Kommunalt utval som behandlar søknader om ettergjeving av skatt frå privatpersonar eller bedrifter. 

    Skulestyre 
    Politisk utval med ansvar for skulane. 

    Teknisk utval  
    Har ansvar for den tekniske sida av kommunen sin verksemd. 
     

     Kven gjer kva?        Hovudsida        Organisering.