Til startsida.   

Ulike skadetypar: 

-Feieskader 

-Gevirfeiinga. 

-Feieskader og bestandstilhøve. 

-Konsekvensar for skogbruket. 

-Førebyggjing av skader.  

-Hindre/førebygge feieskader 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Til toppen av sida.

Ulike skadetypar. 

I utgangspunktet skil ein mellom tre ulike typar skader som hjorten er skuld i, og som kan oppstå i eit slikt omfang at dei kan påføre skogeigarane reelle tap av skogbruksinntekt. Alt etter korles dei oppstår, kan ein klassifisere skadane i feieskader, skuddbeiting og borkskrelling. I si typiske form er dei lette å skilje frå einannan i marka, men i praksis kan dei førekome samla og dei kan dessutan vere vanskelege å skilje frå skader av andre dyr eller visse mekaniske skader. 
 

Feieskader. 

Feieskadar kan førekome som følgje av at bukkane på seinsommaren eller tidleg på hausten feiar basten av geviret, men langt vanlegare er det at dei oppstår som ein del av bukkane si adferd i brunsttida.Det er særleg mindre tre eller busker som vert utsette for denne relativt hardhendte handsaminga. Skadebiletet er lettast kjenneleg ved at borken på trea oftast vert sliten laus og vert hengjande i meir eller mindre samanhengande flak. Mindre greiner vert gjerne knekte eller slitne av. 
 
 
Feieskadd gran.

Gevirfeiinga 

er oftast unnagjort innan byrjinga av september. Nyare forskning har derimot vist at feieskadane i dei aller fleste høve oppstår i oktober og første del av november. I denne perioden er det nokså vanleg at hjorten meir eller mindre umotivert gir seg til å stange geviret mot greiner og trestammar. Ein finn dp gjerne furer i barken etter gevirtaggane, og den vert ofte oppflisa, Denne åtferda  heng truleg saman med opphissing/aggresjon i brunsttida, men kan og skuldast ei form for styrkemarkering i møte med rivalar. 

Der ein finn slike brunstgroper kan ein vente seg feieskader. 

Feieskader og bestandstilhøve. 

Feieskader kan ein observere på dei fleste treslag, men visse bartre ser ut til å vere særleg gunstige til føremålet. Bartre har relativt stiv stamme og greiner og "yter motstand" under feiinga. Til dømes kan ein ofte sjå at sitkagran, som er svært stiv i greinene, er nytta til gevirfeiing. Ei anna sak er at feiing mot t.d. lauvkratt ikkje vil medføre så store skader på trea samanlikna med bartrea. Det er derfor mogleg at feiing mot lauvtre er vanlegare enn ein kan få inntrykk av ved observasjonar i skogen. 
Feieskader er gjerne knytt til område der bukkane har sine kvileperiodar om dagen, gjerne då på toppunkt eller i glenner i skogen. Desse "nøkkelområda" vert gjerne nytta regelmessig av hjorten, og i nærleiken av slike område finn ein ofte brunstgroper. 
Elles finn ein ofte feiemerker langs opptråkka hjortestiar t.d. frå skog til innmark. På lokalitetar i utkanten av innmarka, kanungskogen ofte få nokså "hard medfart". 
 

Konsekvensar for skogbruket. 

Feieskader oppstår helst på små og undertrykte tre, men kan lokalt ha stort omfang. Særleg ille er det når skadane opptrer i verdfulle plantasjar t.d. av juletre eller pyntegrønt. Men p åvanleg skogmark vert feiemerker likevel oftare oppfatta som eit positivt teikn på at eit av våre vakraste dyr eksisterer og trivst i området, enn som ein skade i økonomisk forstand. 
 

Førebygging av skader generelt: 

Av tiltak av generell karakter som kan hindre skader er: 
* Regulering av stamma ved jakt. 
* Spare populære beiteplanter ved skogskjøtsel. 
* Felle dyr som har fått for vane å gjere skade, der dei valdar skade. 
* Bruke lukt og smakstoff for å hindre hjorten i å gjere beiteskader på kulturskog. 
 

 Hindre/førebyggje feieskader: 

* Spar ein del undertrykte tre ved tynning. 
* Unngå planting av særskilt verdfulle treslag.