| Til startsida.
Skuddbeiting: Skuddbeiting og bestandstilhøve. .
|
Skuddbeiting.Hjorten sine beitespor kan lett forvekslast med beitespor etter andre drøvtyggjarar . Eldre skader kan også likne på beitemerker etter smågnagarar eller hare, noko ein må ta omsyn til når ein vurderer skadebeitet. Unge grantre som stadig får skuddspissane avbeita, får gjerne ei lett kjenneleg kjegleforma fasong. Dersom eit slikt tre greier å få toppskotet opp i ei slik høgd at hjorten ikkje når endetoppen, vil det kunne utvikle seg relativt normalt, men med ein karakteristisk "forpose"av tette greiner nederst. Hjorten sine beitespor er ofte lette å sjå, då dei har ein nokså voldsom karakter. Det hender og at hjorten bøyer ned eller knekkjer stammen på unge tre for å nå dei øverste skudda. Ein nokså spesiell form for beiteskade kan oppstå når hjorten beitar på heilt unge plantar som ikkje har fått godt nok rotfeste. Når hjorten freistar å bite/nappa av slike plantar, vert heile planta dradd opp av jorda. Denne skaden oppstår gjerne på ettervinteren eller tidleg på våren medan grasvegetasjonen er lite utvikla. Det heile kan gå føre seg nokså systematisk ved at hjorten følgjer planteradene og "nappar" alle grøne planta den finn. Skadebeitet kan forvekslast med oppfrost, men merkjer etter bitt er som regel synlege på plantane. Konsekvensar for skogbruket.Ved undersøkingar i nokre hardt beiteskadde felt har ein freista å danne seg eit bilete av kva konsekvensar skuddbeitinga kan få for trea og for skogeigaren. Vidare er det gjort omfattande studiar av skadebiletet ved elgbeiting på ungskog, t.d. gjennom det såkalla "Elg, skog samfunnsprosjektet" ved Norsk institutt for skogforskning. Visse konklusjonar frå dette prosjektet kan overførast til også å gjelde hjorteskader.Beiteskader vil, dersom toppskotet vert øydelagt, alltid medføre stammedeformasjon i rotstokken, som er den mest verdfulle delen av trea. Dermed vert tømmerkvaliteten og verdien redusert i framtida. Når trea først er rotfesta og i god vekst, er evna til å tåle beiting relativt stor. Dei kan då utvikle seg nokså normalt etter beiteskader, dersom beitinga opphøyrer. I omlag ti år gamle granplantingar på Vestlandet, der opptil 80 % av trea har vore skadde, har ein såleis sjeldan registrert at trea har døydd som følgje av skadane. Dei kan likevel vera så kua og øydelagde at dei er ueigna for framtidig tømmerproduksjon. I heilt unge plantefelt ser beiting ut til å ha meir å seie for overlevinga til plantane. Den første tida etter planting er dei særleg sårbare. Rotutviklinga er gjerne sparsom og barmassen er liten. Napping eller beiting fører då gjerne til at heile plantefelt vert utraderte. Planting av skog inneber i dag ein kostnad på gjennomsnitt 700 kr. pr. dekar. Den årlege tilveksten og verdien p hogstuttak i framtida styrer kor stor avkastning ein får av denne investeringa. Beiteskader medfører dyrare skogkultur (supleringsplanting evt. nyplanting), forlenga omløpstid og lågare tømmerpris. Dei knappe marginane for lønsemnd i skogbruket gjer at det skal lite til før forretninga for skogskulturarbeid vert negativt. For å halde oppe interessa for så langsiktige investeringar som skogplanting, vert det ytt statlege og ofte også kommunale tilskot til skogkultur. Ein føresetnad for tildeling av tilskot er at tiltaket er privat- og samfunnsøkonomisk forsvarleg. I område med hardt beitepress har ein av denne årsak måtta nekta utbetaling av tilskot til skogplanting, noko som har påført skogeigarane sterkt auka kostnader. Førebygging av skader generelt:* Regulering av stamma ved jakt.* Spare populære beiteplanter ved skogskjøtsel. * Felle dyr som har fått for vane å gjere skade, der dei valdar skade. * Bruke lukt og smakstoff for å hindre hjorten i å gjere beiteskader på kulturskog. Hindre/førebyggje skader ved skuddbeiting:* Vurdere naturleg forynging.* Unngå for små plantefelt. * Eventuell sprøyting må gjerast før planting. * Vurdere planting under lauvtreskjerm. * Unngå edelgran og særskilt verdfulle treslag i områder som er utsette for skader. |