Nordfjordbåten


6-keiping nordfjordtype frå Torvanger i Bremanger
 
Den mest kjende av midtvestlandsbåtane, nordfjordbåten, vart for det meste bygd i Gloppen. Det var i denne bygda, på garden Hauge, det vart funne restar etter ein vikingbåt, som hadde stor likskap med femkeipingen. Ein veit at i 1336 vart det reparert langskip i Gloppen.
Utover 1800-talet var det hovudsakeleg dei vanlege bygdebåtane dei bygde, frå færing til sekskeiping, vengebåt, notbåtar og jekter.
Før 1850 var nordfjordbåten ein båt berre for indre og ytre Nordfjord. Opphaveleg hadde han vanleg råsegl, frå kring 1800 og framover vart det meir og meir vanleg med "sunnmørssegl".

I 1850-60-åra byrja fiskarane med linefiske på havgrunnane i sommarhalvåret. Då hadde dei bruk for lettrodde og snøggseglde båtar, eigenskapar som nordfjordbåten var kjend for. Men etter krav frå fiskarane måtte det gjerast ein del endringar, lenger bakskut og meir oppbording. Båtbyggjarane gav etter for kravet frå fiskarane.
Inne i fjordane heldt dei seg til båtane med den gamle byggjemåten.

Fordelane med havbåtane frå Nordfjord førte til at dei i 30 år var omlag einerådande sørover kysten til Fedje i Nordhordland.
 
Tilbake
Framsida
Framover