Vengebåt
(storleik 10m)


Vengebåten frå Mevatne, Redalen i Førdefjorden er ein sunnfjordsk 6-keiping med laust hus, veng over bakskoten. Vengen blei brukt ved byferder o.l, men blei tatt av under fiske. Vengebåten er bygd i 1843 av den kjende båtbyggjaren Mathias Ausevik frå Høydalsfjorden.
Vengebåten er kjend som ein god sjøbåt og ein god seglar. Ved sida av fiske vart den nytta til førslebåt heim frå fiske og til bybåt.
 
 
Tilbake
Framsida