Vektorkoordinatar i planet
Vektorkoordinatar i rommet
Vektorkoordinatar i planet
Vi har eit rettvinkla koordinatsystem, der einingane er like (er dei same) på aksane.
Eit slikt koordinatsystem vert kalla eit ortonormert koordinatsystem. For å angi kvar eit punkt
ligg, kan vi angi punktet sine koodinatar.
Vi skriv dette som: (x, y)
Døme: P = (1, 4)
I eit ortonormert koordinatsystem brukar vi einingvektorane ( x
og y) som ortonormert basis.
Einingsvektoren x er ein vektor med lengde 1
som peikar langs x- aksen, y
langs y- aksen.
Einingsvektorane står, som aksane i koordinatsystemet vinkelrett på kvarandre.
Vi har teikna inn ein vektor i koordinatsysdemet ovanfor.
Ved å nytte basisvektorane finn vi at:
=1 1 +
2 2
for å forenkle dette kan vi nytte vektorkoordinatane og skrive slik:
= [1, 2]
Generellt kan vi seie at:
a1 1 + a2
2 = [a1, a2]
Legg merke til at denne definisjonen kan brukast begge vegane:
= 1 1 -2
2 = [1, -2]
= -1 1 +2
2 = [-1, 2]
Generellt har vi her:
= a1 1 -a
2 2
= [a1, -a2]
= -a1 1 +a
2 2 = [-a1, a2]
For vektorar som er parallelle med koordinataksen har vi at:
1 1 = 1 1 - 0
2 = [1, 0]
-2 2 = 0 1 +
(-2 2) = [0, -1]
Generellt har vi:
a1 1 = a1
1 + 0 2
= [a1, 0]
Dersom vektoren er parallell med x- aksen.
a2 2 = 0 1
+ a2 2 = [0, a2]
Dersom vektoren er parallell med y- aksen.
La oss sjå korleis vi lettare kan finne koordinatane til ein vektor:
Vi har her teikna vektoren frå A = (1, 2) til B = (4, 4).
For å finne vektorkoordinatane til vektoren frå A til B må vi trekke koordinatane til startpunktet A frå koordinatane til endepunktet B.
Vektorkoordinatane til blir då:
= [4-1 , 4-2] = [3, 2]
Parallellforskyver vi vektoren slik at han tek til i orego vert koordinarane til startpunktet
A = (0, 0)
Dette gjer at vi vil finne vektorkoordinatane til ved å
lese av koordinatane til endepunktet B
= [3, 2]
Vektorkoordinatar i rommet
Eit rettvinkla koordinatsystem i rommet består av tre aksar som parvis står vinkelrett på kvarandre
og som skjærer kvarandre i origo.
Koordinatane til eit punkt i rommet (3 dimensjonar) svarar til koordinatane til eit punkt i planet
(2 dimensjonar), berre at vi har ein dimensjon meir.
Ein angir også her kvar eit punkt ligg ved hjelp av koordinatsettet, og skriv det som: (x, y, z)
Døme: P = (3, 2, 4)
Vektorar vert også angitt ved hjelp av koordinatar. Her parallellforskyver vi vektoren slik at han tek til i origo
og les av koordinatane til endepunktet:
For å finne koordinatane i eit tredimensjonalt koordinatsystem må vi:
-
drage ein parallell får z- aksen gjennom punktet A, der parallellen skal skjære xy- planet
-
ifrå skjæringspunktet med xy- planet drage normalar til x- og y- aksen
- drage ein normal frå punketet A til z- aksen
- lese av skjæringspunkta på aksane.
Her får vi da at x = 1, y = 2, z = 2
Punktet A har koordinatane: A = (1, 2, 2)
Vi skriv på koordinatform:
= [1, 2, 2]
Generellt har vi at:
= [a1, a2, a3]
der a1, a2 og a3 vert kalla koordinatane til .
|