| Sikkehet er eit nøkkelord når det gjelder jakt. For
at det skal vere sikkert å gå på jakt krevs det at dei
som stiller til jakt også har kunskap om jakta.
I dag er det stilt større krav til jegerane en det var før. No er jegerane pålagd å ta jegerprøva før dei kan stille til jakt med gevær. Dette er sjølvsagt betrygjandet at dei skaffa seg kunskap i gjennom teori og praksiss.
Mange eldre jegerar som egentlig ikkje hadde trengt å ta denne
teorien har likevel vore med på å fått ny og annan kunskap
i tilleg til den dei hadde frå før. Erfaringar desse eldre
jegerane hadde med jegerprøva var at den virka oppfriskande og den
hadde ein positiv innvirknad.
Mange jegerar er utsatt for den såkalla "skjelven". Det vil sei at når dei ser dyret Får dei problemer med å holde geveret i ro. Dei begynner å skjelve slik at dei har store skjangser for å bomme, eller skadeskyte dyret. Dette har med nervane å gjere. Man er spent, nervøs, usikker på eigne ferdighetar, o.l. Det som hjelper på dette er å trene på skyting, og prøve å oppsøke dyret både i og utanom jakttida. Her på vestlandet er det ofte hjort på bøane. Her har jegerane gode skjangser til å oppsøke dyret og studere dei på nert hold Det er også pålagd at kvart jaktlag eller jeger skal kunne ha tilgang på ettersøkshund. Denne hunden skal vere lett tilgjengelig for jegerane.
Sikkerhet får vi ved godt våpenutstyr ogat den
som eiger våpenet behandler det på ein måte som ikkje
er til fare for verken våpeneigar eller jegerane som er i nerheten.
Sjølve jaktmetodane er også ein faktor som spelar inn på
sikkerheta.
Mange jegerar reiser langt for å jakte dei leiger seg ofte
hytter for å overnatte i. Her bur dei mesteparten av jaktsesongen.
Andre jegerar overnatter kanskje berre nokre døgn. På disse
turane blir det ofte nytta alkohol. Mange triste episodar (dødsfall)
har oppstått som følge av alkoholbruk. Alkoholbruk skjer også
blant jegerar som ikkje er hyttetur. Det som er spesielt med disse hytterurane
er at det er fleire jegerar som festar i lag på disse turane.
|