| I alle år er det blitt dreve jakt på
forkjellig vis. Tidlegare vart jakt dreve for å skaffe føde.
I vår tid driv dei fleste jegarar jakt som hobby. Denne hobbyen er veldig utstakt. I jaktåret 1996/97 var det registrert 173200 nordmenn som betalte jegeravgift. I tilleg kjem det fleire hundrede utlendingar som driv jakt på norsk grunn. Dei som driv jakt er helst folk med eigedom i utmark, eller grunneigarar. Denne jakta har foregåt i fleire generasjonar opp i gjennom tidene.
Før i tida var jakta like godt planlagd og organisert som no. Ja, kanskje enda meir planlagd. Før var det viktig å skaffe kjøt til hustandane, jakt var på ein måte å livberge seg på. No i vår tid er jakt meir ein måte å komme seg ut i naturen på. Mange seier at det skal bli kjekt å komme seg ut i skogen, og opp i fjellet for å komme i form, og at dette er ein slags aveksling frå kvardagslivet. I vår tid er ikkje jakt berre for "mannfolk" men og så for kvinner. Kvinner er blitt meir og meir med på jakt i den seinare tid. Dette er ein positiv trend for jaktas framtid. Ein litt meir feminim trend trengst innen jakta. Jakta er ikkje berre for tøffe mannfolk. Kvinner har ein fin holdning til dyr og korleis dyr skal behandles. Dei er ofte litt meir forsiktige og gjennomtenk i sine handlingar. Dette er noko vi menn kan lære av dei. Før i tida var jakt for det meste forbeholdt menn, kanske fordi det var maskulint å gå på jakt. Selfølgelig trengst det både styrke og utholdenhet for å gå på jakt. Tidlegare var det heller dårlig med både klede og sko, og at det ofte var både kaldt og ufyselig gjorde jakta nokså utfordrande. Dei var ofte både våte og kalde når dei kom heim frå jakt. I vår tid har vi rikelig tilgang på gode og varme klede. Våpena er også nokså annerledes. Våpena før var ofte tunge å bere og vanskelig å bruke. No er dei mykje lettare i vekt, og lettare handterlige. Dette gjer jakta lettare å drive. Dagens jeger treng ikke å bruke mykje energi på å holde seg varm eller energi på å bere på eit tungt våpen. Dette igjen fører til at jakta kan forbeholdast både menn og kvinner fordi tigangen på godt ytstyr ikkje er noko problem. Å drive jakt er også viktig med tanke på forvaltning av stammen. |
|