Finbrød (2 stk)

50 g gjær
50 g margarin
5 dl vatn
1 ts salt
1ss sukker
15 dl kveitemjøl

Smør ei  plate eller to former som rommar ca 1 1/2 l kvar. Smuldre gjæren i ein bolle. Smelt smøret og tilsett veska. Tilsett salt sukker og 2/3 av mjølet. Arbid deigen kraftig i bollen. Tilsett så mykje av det resterande mjølet at deigen blir blank og smidig. Forhev deigen under plast på ein lun stad i ca 30- 40 min. Kna deigen og form til to brød. Etterhev deigen i 20 min. og steik brøda 30- 40 min. ved 210 grader.