Hamburgerbrød (ca 32 stk)

1 pose tørrgjær
3 ss olje
5 dl mjølk
2 ts salt
2 ts sukker
14 dl kveitemjøl

1 dl sesamfrø

Smør to plater. Smuldre gjæren i ein bolle. Smelt smør og tilsett veske. La blandinga bli fingervarm. Hell den lunkne deigvesken over gjæren og rør om så gjæren løyser seg opp. Tilstt salt og sukker. Tilsett 3/4 av mjølet. Arbeid deigen kraftig i bollen. Sette til så mykje av mjølet som er igjen at deigen blir seig og blank og slepp bollen. Sett deigen til heving under plast på ein lun stad i 30 - 40 min. Arbeid deigen lett i bollen og kna lett på eit mjøla bord. Kna deigen smidig så den slepp bordet utan ekstra mjøl. Hell sesamfrø i ein djup talerken. Del deigen i to like store emner. Trill kvart emne ut til ei pølse. Del kvar av dei i 16. Trill dei til glatte runde bollar. Legg bollane enkeltvis i talerkenen med sesamfrø og trykk til. Legg dei på ei plate og la dei etterheve ved romtemperatur  i 10 min. Klem bollane litt saman og la dei heve i ytterligare 30 min. Steik i ca 7 min ved 250 grader. Avkjøl på rist.