Kneip (3 stk)

25- 50 g gjær
1/2 l kaldt vatn
1 l surmjølk
1 ss salt
1 1/4 kg sammalt kveite
ca 750 g kveitemjøl

Smuldre gjæren i ein stor bolle. Tilsett vatn og surmjølk og rør om så gjæren løyser seg opp. Tilsett salt og sammalt kveite og 3/4 av kvritemjølet. Dryss mjøl over deigen og la den heve seg under plast i eit kjøleg rom over natta, eller i romtemperatur i 6- 8 timar. Smør former. Arbeid deigen til den er smidig. Del deigen i tre emner. Form emna til glatte brød og legg dei i formene. La brøda heve i romtemperatur i 45- 60 min. Steik brøda på rist på nederste ribbe ved 200 grader i 40- 45 min.Avkjøl på rist.