Pølsebrød (32 stk)

1 pose tørrgjær
3 ss olje
5 dl mjølk
2 ts salt
2 ts sukker
14 dl kveitemjøl

Smør to plater. Smuldre gjæren i ein bolle. Smelt smør og tilsett veske. La blandinga bli fingervarm. Hell den lunkne deigvesken over gjæren og rør om så gjæren løyser seg opp. Tilsett salt og sukker. Tilsett 3/4 av mjølet. Arbeid deigen kraftig i bollen. Sette til så mykje av mjølet som er igjen at deigen blir seig og blank og slepp bollen. Sett deigen til heving under plast på ein lun stad i 30 - 40 min. Arbeid deigen lett i bollen og kna lett på eit mjøla bord. Kna deigen smidig så den slepp bordet utan ekstra mjøl. Del deigen i to like store emner. Trill kvart emne ut til ei pølse. Del kvar av dei i 16. Trill dei til glatte runde bollar. Form dei så til avlange brød. Legg på plate og etterhev i 20 min under eit handkle. Pensle med mjølk. Steikast midt i omnen ved 250 grader i ca 8 min. Avkjøl på rist.