Sjokoladerullekake

3 egg
1 1/2 dl sukker
1 1/4 dl kveitemjøl
1 1/2 ss kakao
2 1/2 ss potetmjøl
1/2 ts bakepulver

Fyll:
75 g meierismør
1 1/2 dl melis
1 eggeplomme
2 ts vaniljesukker
Rør saman til ein luftig krem.

Sett omnen på 250 grader. Smør ei form eller langpanne (30 x 40 cm). Visp ekstra lett eggedosis av egg og sukker. Bland mjøl, kakao, potetmjøl og bakepulver og rør det forsiktig i eggedosisen. Smør røra jemt ut over i forma, og steik i omlag 5 min. Velt kaka på eit sukkra papir eller ein oppvridd handduk. Avkjøl kaka under langpanna. Smør fyllet over den kalde kaka og rull den saman.