| Skålda brød
(2 stk)
1 l vatn 500 sammalt rug, fin 2 ss støtt karve 50 g gjær 2 dl vatn 1 1/2 ss salt (1/2 dl sirup) 1 kg rugmjøl 500- 600 g kveitemjøl Hell det grove rugmjølet og krydderet i ein bolle. Hell 1 liter kokande vatn over. Arbeid mjølet og vatnet saman til ei smidig deig. Dryss litt mjøl over og dekk bollen med eit handklede. Lat deigen stå over natta eller min 4 timar til deigen har nådd romtemperatur. Rør ut gjæren i 2 dl lunkent vatn. Hell dette over deigen og rør om. Tilset salt, rugmjøl og eventuelt sirup. Arbeid deigen kraftig. Dekk bollen med plast og lat heve ved romtemperatur i 2 timar. Tilsett halvparten av kveitemjølet. Arbeid deigen kraftig. Legg deigen på bakebordet og kna inn resten av kveitemjølet. Deigen skal vere ganske fast i konsistensen. Smør ei plate og del deigen i to emne. Form desse til to fine brød som leggast på brettet. Hev under handklede i 50- 60 min i romtemperatur. Prikk brøda, og pensle med vatn. Steik ved 200 grader i 70- 80 min. Pensle med kaldt vatn og avkjøl på rist. |