Vørterbrød (4 stk)

100 g gjær
100 g margarin
3 flasker vørterøl
1- 2 dl sirup
1 ss salt
1 ss tørka pomeransskal
1/2 ss malt ingerfer eller 1 ss stjerneanis
(3 dl rosiner)
750 g rugmjøl (like delar fint og sammalt)
750 g kveitemjøl

Smør ei langpanne. Smuldre gjæren i en bolle. Smelt smøret og hell i vørterølet. Varm opp til 37 grader. Hell deigveska over gjæren og rør til den løyser seg  opp. Tilsett alt rugmjølet og 3/4 av kveitemjølet. Lag eit par fordjupningar i mjølet og fyll desse med sirup. Tilsett salt og dei ønska kryddene og eventuellt rosinene. Arbeid deigen kraftig i bollen. tilset meir mjøl om naudsynt. Forhev i ca 1 time. Del i fire emner og form dei til brød. Legg desse i langpanna. Pensle med smelta margarin og etterhev i 50- 60 min. Steik midt i omnen i ca 40 min ved 200 grader. Pensle brøda med kaldt vatn etter steiking. Bryt dei frå kvarandre og avkjøl på rist.