JENNY FORTEL

Matstellet:
Vi var alminneleg tidleg oppe om morgonen,ca. halv sju. Frukosten var brødmat. Middag åt vi i tolv-tida, med ein time middagskvil etterpå. Til nons i  halv fem-femtida åt vi brødmat; kveldsmaten i nitida var ofte graut. Vi åt mykje byggmjølsgraut.
Kvar hadde honn-skeier å ete med som far hadde laga.
Om vi song for maten? Når det var selskap gjorde vi det, elles las vi stillt for oss sjølve.
Til matlaging på grue brukte vi ei stor gryte. Den største gryta vi hadde, turka vi korn i.
Når det skulle bakast sette vi inn eit stort bord på kjøkenet. Det var saga av ein diger stokk og stod til vanleg på stabburet.
Det vart baka store stablar flatbrød,snikalefse og hardinglefse dei kalla. Flatbrødet var laga av havre,lefsene mest av bygg og litt kveite.
Det hende vi hadde bakstekjerring frå Stordal, ho Ane. Ho var gamal, men kom seg  greitt opp til garden. Når det var på det travlaste , dreiv vi bytearbeid med nabokonene.
Vi var sjølvforsynte med smør, mjølk og ost. Vi kjøpte vel litt margarin, men selde smør og ost. Talg vart brukt, t.d. på fisk.
Det gjekk mykje på surmjølk og  skummamjølk. Det vart store mengder skummamjølk når vi kinna, og vi drakk med oss klarte. Kalvane og grisane fekk og sin del.
I hagen hadde vi epletre, og vi var av dei første som dyrka kinakål på desse traktene.
Kjøt og flesk var normal kost. Fisk sytte far for. Fisken måtte saltast i stampar.

Husa:
I eldhuset baka dei, stellte slakt og tørka korn.
I fjøsen var der innlagt vatn, men ikkje drikkekar til krøtera.
Vi brukte pumpe for å få vatn inn i huset Det var rør frå brunnen i kjellaren i eldhuset og opp i storstova som vart brukt til kjøkken. Der var og ei lita stove, begge desse hadde vore røykstove i si tid. Det kunne ein framleis sjå i det svarte taket.
Så lenge han far levde, var kverna i bruk. I seinare tid vart det slutt på å bruke korn.
Der var og eit kammers. Her budde "Besta". Da ho døydde, fekk eg kammerset  Brørne mine låg på stabburet sommarstid. Om vinteren stod det senger på begge stovene.
I gamal tid var der nok dreng på garden, han budde truleg i kammerset. Vi hadde tenestejente heilt til eg vaks opp.

Gardsdrifta:
Dyra beitte i utmarka , berre like før dei skulle slaktast, gjekk dei heime på bøen. Vi hadde geiter, så det var ikkje råd å ha blomster i hagen. Vi hadde og ein hest som far venteleg hadde leidd over frå Ramstaddalen. Han vart nytta m.a. til slåmaskinen.
Våronna bestod i å kjøre ut møkk med slede eller vogn, og brenne bråte.
Inne var det husvask. Vi vaska ned heile huset, og så bøtte vi klede. På dongerikleda klaska vi bøter og snudde snippen på utslitne skjorter.
Ullteppa vart vaska i svære baljar og trestampar.

Spinning og veving:
Vi spann ganske mykje ei tid. Vi hadde tre rokkar på garden, den eine fekk eg og han har eg enno. Vi spann berre om vinteren,ikkje sommarstid. Vi vov både golvteppe og ullteppe. Eg trur far laga vevstolen sjølv.Ho mor vov skjortestoff, farga stoffet og sydde skjortene. Eg undrar meg på korles dei fekk tid til alt!
Det var fole kjekt når ho mor tok til å klippe og sy. Det var slik eg lærte meg å sy.
Symaskinen som stod ute på kammerset, trur eg var "Besta" si.
Vi hadde bomullsrenning, hampetråd vart vel og brukt. Dei vart sende til fabrikk, m.a. i Mauseidvågen der dei vart bereidde, som dei sa.
Dei siste ullteppa vi vov på garden, trur eg var plantefarga og heimespunne. Grønfargen laga vi av bjørkelauv, det brune var mose.Vi kokte mosen i koparkjel og sila han. Kjelen vart stygg innvendig av dette, då brukte vi aske for å få han rein.
Teppa vart etter som vi hadde filler. Av og til nytta vi fiskegarn i veven, slik vart han sterkare.
Eg hugsar vi vov handdukar av sildegarnstråd som vi fekk tak i på fabrikken på Dyrkorn.
Det var vel utanom reglane, trur eg. For å få dei ubleika dukane kvite, la vi dei på snøen og bleikte dei. Det var vanleg med alle kvitklede.
Av mjølsekkar laga vi handdukar og delvis putevar.
Dei siste på Ytste Skotet. Jenny i døra.

Borna:
Ungane var ikkje store før dei måtte hjelpe til. Det var heilt naturleg, og eg trur ikkje vi tok skade av det. Vi hadde lyst til å hjelpe til.
Leiker var det smått med. Eg kan hugse eg hadde ei sørphøne, ein jojo, ei dokke og ei dokkeseng.
Vi var flinke til å finne på saker og ting.
Dei seier  at det er så få grunderar no. Det kan ikkje bli grunderar når dei får alt opp i hendene heller.
Det var ikkje så mykje å få kjøpt- vi hadde vel ikkje råd til å kjøpe heller.
Vi mangla aldri mat på bordet, men gjekk ikkje og kjøpte ting. Eg veit ikkje om det gjorde noko. Ei jente spurde meg ein gong om det ikkje var kjedeleg på Skøta. Det ordet var ikkje oppfunne da,  svara eg!
Det var slik. Vi fann på eitkvart sjølve. Eg trur borna hadde det betre  slik før. Dei vart meir kreative. Borna vart sysselsette med nyttige ting. Men når vi hadde ei fristund, var vi snare å kome oss ut og leike.
Vi gjekk mykje på ski om vinteren, ofte i måneskin. Dei sprekaste for innover til vatna, derifrå var det fint å renne ned. Skiene var heimelaga. Dei første eg hadde, var tynnestavar dei kalla.

Vinter på Skotet:
Mannfolka batt garn og laksenot og bøtte garn. Far smidde rivetindar, det gjorde han inne i stova. Så laga han seg eit skap for sko. Han garva skinn sjølv. Det hende han garva til sko. Det måtte vere av ku eller okse.
Av og til måtte dei over fjorden også i dårleg ver. Eg trur ikje dei tok sjansar, dei visste kva som gjekk. Vi hadde motorbåt, medan dei på Inste-skøtet berre hadde robåt. Av og til fekk dei sitte på med oss. Om søndagane for vi til kyrkje på Sjøholt,også vinterstid. Da kom dei frå alle gardane, og kappkøyrde opp Ørskog-vika.
Så kom radioen og vi fekk høyre preika der. Det vart da sjeldnare fare til kyrkje.

Jul på Skotet:
Før jul var det nedvask i huset, og vi karda og spann Vi hadde ikkje spesielle skikkar i adventstida. Adventskalender fanst ikkje.
I jula besøkte vi kvarandre, aldri julaftan, tidlegast 2. juledag. Kvar gard hadde eit juleselskap. Ungane leika seg medan dei vaksne prata. Så fekk vi småkaker, dei mest vanlege var fattigmann, sandkaker og sirupssnittar. Små kaker med rosiner var noko vi ungane likte godt. På dei tre gardane var tilsaman 13 ungar.

Skule og sosialt liv:
Naboane trefte vi både helg og vyrke. Når det var travelt med store arbeid, hjelpte vi kvarandre. Vi braut jord og hadde dugnad. Den tida gjekk ikkje folk med pungen. Fekk du ei teneste, ga du ei teneste tilbake-ferdig med det!
Det var ikkje ofte vi var over fjorden, kan hende ein gong for veka for å handle. Så henta vi posten, og av og til reiste vi til sydama i Stordalen for å få sydd nye klede.
Det var ikkje vanleg at det kom folk på besøk over fjorden
Vi gjekk på skule på Dyrkorn, der kjende vi både unge og gamle. Det var hardt den første tida å flytte heimanfrå for å bu borte medan du gjekk på skule. Eg fekk heller ikkje gå saman med brørne mine. Eg budde med ei eg kjende og var heldig slik. I helgane var vi heime og ville ikkje fare nokon stad da.
Utferdstrongen melde seg sjølvsagt hos meg som hos så mange andre. Men så kom krigen da eg var ten-åring. Da var det godt å vere på Skøta.

Krigen:
Vi fekk besøk av Gestapo, og ryktene fortalde at dei hadde eit søskenborn av meg i kikkerten. Vi gøymde radioen og eit gevær i høystålet. Far begynte å så kveite på slutten av krigen. Han vart veldig fin og vart sendt til ei kvern i Valldal. Av mjølet vi fekk tilbake baka vi kveitebollar. Dei var nydelege!

Fråflytting:
Da krigen var slutt, døde han far, og det vart behov for meg på Skøtet. Eg ,bror min, han Olav, og mor mi sat att. Etter kvart såg vi at det ikkje var noko framtid på garden , og i 1954 reiste vi derifrå for godt.
Vi hadde streva mykje på garden,og eg kan ikkje seie at det var trist å flytte.
Eg fekk arbeid på ei vevstove, eit arbeid som låg for meg.
Nokre år var eg på Austlandet. Eg treivst ikkje så godt der og flytte heimover att. Der trefte eg Tore. Vi gifte oss og busette oss på Sjøholt.
 
 Tilbake

Start