| Mangfald av fag og verdiar.
Haldningsskaping i forhold til miljøvern er altså svært
sentrale poeng med dette prosjektet.
Å delta i arbeidet på Ytste Skotet kan dessutan bere fleire
slags frukter.
"Familiar som budde/levde slik hadde eit nærare for-
hold enn somme familiar har no. Eg trur opphaldet fekk
klassa nærmare, eg vil gjerne kome att eingong,
Til og med læraren vart lik normale folk."
8.klassing
Naturalhushaldet har til dømes ein fysisk og ein sosial faktor
som ikkje er nemnd.
Det er snakk om å arbeide i eit fellesskap, i stor del med kroppen
som reiskap, ei arbeidsform som er framand for svært mange
born i dag. Her kjem kontakten mellom barn og vaksne inn, og dessutan kontakten
med sin eigen kropp.
Alt i alt sit vi med eit tverrfagleg tilbod som med skulen sin termar
inneheld både kroppsøving, historie, samfunnsfag, naturfag,
forming, og gjerne norsk og musikk.
Sjølv om vi har med "gruppearbeid" å gjere, vil fleire
av arbeidsoppgåvene også gi store utfordringar når det
gjeld skapande evne og sjølvstendig arbeid.
Kvifor born?
Miljøspørsmålet kan aldri gøymast vekk, aller
minst for komande slekter.
Er det noko borna bør og må ha ei medviten haldning til,
så er det miljøet.
Borna er og vil vere ei sentral målgruppe for større miljøforståing.
Born veks opp med fleire og fleire medier, med mindre og mindre direkte
forhold til det dei omgir seg med.
Ytste Skotet skal vere eit ledd i arbeidet for å skape ei heilskapleg
forståing og ei kjensle for naturen.
Her er ressurs-snakk meir enn papirinnsamling ein gong i halvåret,
og naturen meir enn ein leikeplass med friluft.
Med born si innlevingsevne kan formidlinga dessutan bli noko meir enn
belæring.
Kvifor Ytste Skotet?
Ytste Skotet har eit unikt miljø med tanke på bygningar,
natur- og kulturlandskap.
Garden er upåverka av det moderne jordbruket, og har grobotn
for å halde fram etter prinsippa frå naturalhushaldet.
Her kan heilskapen i naturen sin rytme og syklus opplevast i ein kulturell
samanhang.
Over fjorden er eit lettvint steg tilbake i tid.
Ei ny verd openberrar seg frå du stig i land i fjøresteinane.
Ytste Skotet er nært og fjernt, verkeleg og visjonært,
notid og fortid.
For borna i dei seks kommunane er Ytste Skotet lokalhistorie på
nært hald.
Plassen er bortgøymd, men ikkje bortgløymd.
Ytste Skotet er ingenmanns- og allemannseige på Sunnmøre,
eit godt utgangspunkt for brei bruk av garden.
Den kollektive fristaden har ingen eigarinteresser som kan hindre sunnmøringen
i å identifisere seg med han.
Her finst den sunnmørske naturen i rikt monn: fjord og fjell.
Ytste Skotet er dessutan eit umissande bilde på ei historie med
røter heilt tilbake til vikingetida, og med forgreiningar som endar
på staden kvil i 1954.
For illustrasjonen sin del bør Ytste Skotet såleis også
haldast i hevd.
Mykje av arbeidet er allereie gjort.
Etter at Storfjordens Venner fekk garden i gåve av dei siste
brukarane, har foreninga sørga for å ta vare på bygningsmassa
og til dels kulturlandskapet.
Ein skjøtselsplan for området ligg klar til å nyttast
på resten.
Delar av dette praktiske arbeidet kan med fordel leggast inn i samanhang
med eit opphald på garden.
Kan Ytste Skotet og skular, lag og organisasjonar samarbeide, vil det
såleis vere til stor verdi for lokalsamfunnet, både når
det gjeld å eige historiske skattar og sjølvkjensle.
|