| Mål og meining.
Norsk Kulturråd har valt ut Ytste Skotet til å vere eitt
av ni prosjekt i heile landet som arbeider under emnet "Barn, unge og museum".
"Eg skulle gitt ein million for å bu her"
elev 13 år
Ytste Skotet er i seg sjølv ein historisk oase der ein har råd
til å prøve ut gammaldags gardsdrift.
For borna skal Ytste Skotet vere ei kjelde til levande forståing
av natur, kultur og historie.
For skulane skal Ytste Skotet vere ein base for kunnskap på fleire
plan, det vere seg miljøfag, historie, naturfag og samfunnslære,
blant anna.
Først og fremst er likevel Ytste Skotet ei aktiv kjelde
til å skape haldningar hos borna. Ved å delta med heile
seg i eit gammaldags naturalhushald, vil borna få eit forhold til
natur - og kultur-miljø som knapt kan oppdrivast på anna vis.
Prosjektet er nyskapande med omsyn til metode, organisering og samarbeid.
Her er det snakk om å gjere "museet", historia og formidlinga så
levande som råd.
Nokre hovudtankar bak prosjektet kan kort summerast:
-
Læring gjennom deltaking. Frå lærebok til opplevingsarena.
-
Levande fortid. Frå museum til økomuseum, ein aktiv del av
lokalsamfunnet.
-
Naturen inn på livet. Frå øko-informasjon til øko-kjennskap.
-
Direkte møte med omgivnaden. Frå framandgjering til nærkontakt
med natur og miljø.
Kvifor gamle dagar?
"Gammaldags gardsdrift" vil i denne samanhangen seie det naturalhushaldet
som vi kjenner frå førindustriell tid.
Naturalhushaldet byggjer på prinsippet om sjølvberging.
Det vil igjen seie eit menneskeleg samspel med naturen som vi ikkje
finn maken til i dag.
Sjølvberginga er velsigna avhengig av at mennesket arbeider
på naturen sine premissar.
"Eg har alltid hatt lyst til å vere på ein stad
som Ytste Skotet, der vi har naturen rundt
oss på alle kantar, og vi må vaske oss og
pusse tennene i elva, og arbeide og slite litt,
og om kvelden griller vi pølser og synger litt"
6.klassing
Eit naturalhushald innlemmer ei ressursutnytting som vi synest å
vere på jakt etter i dagens moderne samfunn.
Gjenvinning, resirkulering, kompost og avfallssortering er omgrep som
born gjerne hanskast med dagleg.
Slike "miljøverntiltak" var heilt nødvendige delar av
det gamle naturalhushaldet.
Ressursane som fanst måtte nyttast til fulle, skulle mennesket
overleve.
Dermed har den gamle garden også ein direkte overføringsverdi
til det moderne samfunnet.
"Lærerikt å få innføring i korleis
ein gjorde
forskjellige ting på gamlemåten. Viktig for at
teknikken ikkje skal gå i gløymeboka."
Elev vidareg. skule
Tidene endrar seg, og vi må kanskje ta opp att nokre av dei gamle
metodane for å berge oss ut av det uføret miljøet har
hamna i.
Det økologiske landbruket som fleire og fleire svergar til,
tar opp att fleire idear frå "gamletida".
Vekstskifte, mangfald og ressursnytting innanfor garden er viktige
stikkord her.
I denne samanhangen er det viktig å skape positive opplevingar
rundt "tungvint" arbeid, når det er for naturen sin del.
På Ytste Skotet er det muleg å kjenne dette samspelet mellom
natur og kultur med alle sansar for ein dag eller fleire.
Med eit godt tilrettelagt for- og etterarbeid i tillegg, har vi mykje
å vinne.
Målet er at borna skal få eit heilskapleg bilete av samanhangane
i økosystemet.
Eit opphald i eit levande naturalhushald betyr å leve ut samanhangane
i det små - og det er der vi må begynne.
Kvifor arbeide i det små?
Kvar blir miljøkatastrofa og ressurskrisa av? Kvifor hamne på
ein fråflytta gard for å lære om moderne miljøvern?
Jau, det er klart vi skal redde verda - ein plass må vi no begynne...
Men det er haldningane som må vere grunnmuren.
For å arbeide for natur og miljø, må borna ha eit
trygt og godt forhold til desse dimensjonane, ja, helst kjenne seg som
ein del av dei.
Dette er ikkje sjølvsagte kjensler i ei medieskapt verd, der
borna opplever det meste i andre ledd.
Framandgjering er ei av dei store fellene som det moderne samfunnet
har falle i.
Born veks opp i klede og av mat som dei ikkje veit kvar kjem ifrå.
Det er godt for born å sjå korleis ull blir til tråd
og klede, og korleis ei potet blir til fleire.
"Fekk lære kor mykje god mat ein kunne få av ein
kjedeleg,
stygg og møkkete potet".
Elev vidareg. skule
Desse kvardagens under hoppar vi gjerne over, men dei vil alltid vere
der - som ein livsviktig del av miljøet.
Slike under illustrerer meir enn noko korleis samspelet mellom natur
og kultur verkar.
Dersom borna i tillegg får delta i dette skaparverket, blir det
meir enn ein illustrasjon.
Frå den framspringande, bratte fjellhylla i Storfjorden kan vi
formidle noko av det trygge som storsamfunnet er på leit etter.
Framandgjering gjer utrygg, makteslaus og ansvarslaus.
Å gjere nært handlar om å gi oversikt, skape identitet
og kjensle av å høyre til ein stad.
Berre ut frå ein slik trygg ståstad kan borna evne og ha
overskot til å kjenne ansvar for naturen og miljøet.
For å nærme oss det fjerne må vi ta til oss det nære.
Mål og meining forts. |