![]() |
![]() |
![]() |
Potetball og saudehaud.
Ei gruppe skulle lage ball til middag. Vi hadde problem med kverna.
Ho var rusta og vi måtte ordne den. Det klarte vi med ketchup, stålbørste,
rustfjernar og surgras.
Vi mol poteter og blanda i byggmjøl, kveitemjøl og salt
til deiga vart passe fast. Etter mykje arbeid kunne vi servere ball, saudehaud,
pølse og poteter. Alle syntest det smakte framifrå godt.
Lefsebaking på gamlemåten.
Deiga vart laga, og før utbakinga fyrte vi opp i grua. Etter
ei stund la vi ei bakstehelle over grua, og steikinga tok til. Alle på
gruppa fekk prøve å bake ut lefser. Det var vanskeleg å
få lefsene jamne og fine. For å snu lefsene før dei
vart svidde, brukte vi steikespade. Vi måtte fyre jamnt under steikeplata
med småved. Det var moro å bake lefse, og godt var det å
ete dei til nons.
Klesvask ved elva.
Ved elva måtte vi fyre opp ei oppmura grue. Så henta vi
ein stor koparkjele i eldhuset. Vi fylte kjelen med vatn, og snart koka
det. Røyken var ei stor plage, vi såg nesten ikkje kjelen
for berre røyk. Det svei i auga og tårene rann.
Medan kjelen stod over varmen, begynte vi å vaske eit golvteppe.
Vi bløytte teppet i elva, la det på ei bru og begynte å
skrubbe med grønsåpe og skurekost. Til sist skylde vi det
i elva igjen. Dei ferdigvaska kleda vart velta ut i ein dam ved elvekanten.
Så vart kleda skrubba på vaskebrett. Så vart dei skylde
og hengde på låven til tørk. Det var sanneleg mykje
arbeid samanlikna med i dag med moderne vaskemaskin!
![]() |
![]() |
Å tinde river.
Vi fekk lære å smi nye rivetindar og tinde oppatt gamle
tannlause treriver. Det var vanskelg å få ut dei gamle tindestubbane.
Tindetreet skulle vere knusktørt og av hassel. Vi klarte å
tinde oppatt ei rive. Fleire av elevane fekk prøve å lage
tindar. Det var ikkje heilt enkelt å få tindane passeleg tynne.
Vi vil takke Ingvild for eit særs vellukka opphald, og oppmodar
skuleklassar og andre til å nytte dette tilbodet om å få
ein glytt inn i gamletida.
Ungdom på Ytste Skotet har i tillegg vore med på:
Arbeid med hest og vogn.
Flette våndagard.
Rydde skog.
Binde lauvkjerv
Binde sovlar.
Sanke naturmat.
Tove, karde og spinne.
Sette og ta opp poteter.
Brenne tjøre.
Produsere straum ved hjelp av vasskraft.
Skjere korn.
Studie av stadnamn og lokalhist. stoff.
Male korn.
Skogskjøtsel.
Plantefarging.
![]() |
![]() |
Praktisk gjennomføring innanfor skoleverket.
Kvar skule set ned eit utval med lærarar frå det aktuelle
årssteget som skal gjeste Ytste Skotet.
I samarbeid med klassen og og prosjektleiaren bør lærarane
velje seg ut eit emne som dei vil arbeide med i forhold til Ytste skotet.
Det teoretiske arbeidet bør gå føre seg på
skulane før og etter besøket på garden.
Opphaldet skal vere av mest mogleg praktisk art, der elevane skal få
prøve ut delar av det dei har lært på førehand.
Kunnskap gjennom deltaking er mottoet.
Det valde emnet utgjer berre ein del av opphaldet.
Den veg- og straumlause garden byr på fleire utfordringar i kvardagen.
Barna skal kjenne på kropp og sjel at dei lever i eit system
avhengig av naturen og kvarandre.
Det er til dømes ønskjeleg å føre eit tradisjonelt
bondekosthald på Ytste Skotet, og i stor grad unngå ingrediensar
frå barna sin moderne kvardag.