GARDEN
Ytste Skotet er ein gard på om lag 3000 mål der ein har tatt vare på bygningar og kulturlandskap slik det var i førindustriell tid. Garden vart driven på gamlemåten heilt til det siste.
Den økonomiske modellen for drifta på dei fleste sunnmørsgardane var mangesysleriet, og bygningar og kulturlandskap på Ytste Skotet er blitt ein levande illustrasjon på denne driftsforma. Ytste Skotet var den av gardane på Skotet som dreiv mest aktivt fiske ved sidan av gardsbruket. Dei hadde og tømmerskog til eige bruk. På garden dyrka dei både bygg og havre og bruket hadde dei største kornåkrane i kommunen. For å skaffe nok for,måtte garden drive mykje med utmarksslått. Høyet vart lagt i løer og frakta heim på vinterføre. Tidlegare dreiv dei sætring, men i seinare tid vart det ysta heime.
Garden var typisk for fjell- og strandgardane langs  Storfjorden. Garden er såleis representativ for den gamle driftsmåten på Sunnmøre og Vestlandet elles.
Husa på Ytste Skotet viser eit komplett gardstun, med alle dei husa som den gamle driftsforma hadde behov for. Det har vore eit stort arbeid å reparere husa og sette opp dei som hadde falle ned. Restaureringa har gitt grunnlag for det vidare arbeidet med kulturlandskapet. Husa i seg sjølve er ikkje unike i vernesamanhang på Sunnmøre, det interessante er vernet av heilskapen. Det heilskapelege kulturlandskapet er eit umissande monument over eit jordbruk med røter i vikingtida, drive med hjelp av hand, hest og vatn. Ytste Skotet er blitt eit pilotprosjekt , eit vern som langt på veg forutset gamle og tungvinte driftsformer.
 
         Start