HISTORIE
Historikaren Oluf Rygh ga i 1908 følgjande tyding av namnet Yste Skotet:
"Skot (n), Fremspring af Land. Især høit Land. Gaarden ligger paa et meget høit, fremspringende Nes, hvor Storfjorden bøier fra sydøstlig til sydlig Retning. Navnet tilhører egentlig selve Neset."
Oppe på dette "skotet" ligg det i dag tre gardar, som har fått namnet etter neset og den plasseringa dei har i høve til kvarandre, Uttalen av Skotet er skø'te, dat. Skø'ta. I Heimskringla vert Skotet skrive Skot.
Snorre fortel at Olav den Heilage på si ferd innover Storfjorden i 1028/29 skaut med pil og boge opp i fjellet slik at ein hammar fall ut og laga Skotet.

Den første busetnaden på Skotet er noko usikker. Arkeologiske funn som kan tidfeste busetjing manglar, men Skotet er nemnt i Flateyarbok, Fornmannasogur og Heimskringla. På folkemunne vert det fortalt at her budde folk i kong Håkon den Gode si tid, for meir enn 1000 år sidan.
Etter Svartedauen vert garden første  gong nemnt i 1606.
I 1863 står Ole Rasmussen som eigar av Skotet og i 1905  kjøpte Oluf Vidhammar Yste-Skotet av enka Anne Olsdotter Skotte, dotterdotter av Ole Rasmussen. Oluf og kona Karoline fekk tre born, Olav, Ole, Andreas og Jenny. Karoline dreiv garden saman med Olav og Jenny fram til 1954. Garden låg brakk fram til 1989 da familien ga  garden  på  3000 mål til Storfjordens Venner. Dugnadsvillige hender og offentlege handsrekkingar reiste bygningar og landskap på nytt. Stove, stabbur, løe, eldhus, smie, kvernhus utløe og taubane vart restaurert Etter fem års arbeid stod garden klar til besøk.
Stiftinga Ytste Skotet har ansvaret for drifta av garden, og har bestemt seg for å dele han først og framst med den oppveksande slekt.
 

        Start