Hovudbygning, løe,eldhus og stabbur. 

  YTSTE SKOTET

EIT LEVANDE MUSEUM

 
Spørsmål og kommentar.
 
 Innhald: 
  Mål og 
  meining 

  Historie   

  Garden   

  Aktivitetar  

  Framtida   

  Meir 

  Tilkomst 
 

     

    Velkommen til ein skule utan penn og papir - og eit museum 
    utanom det vanlege. 
    På ei fjellhylle i Storfjorden - ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu - kryr det no av born og unge. 
    Her blir elevar til tauser og drengar, og besteforeldre og pensjonistar til kårkoner og -kallar. 
    Skuledagen blir til ein runddans med naturen sitt skattkammer. 
    Her blir lefser forma, ull farga, tre skore, jord sådd og ved hogge, mm. 
    Nokre dagars rikt liv med enkle midlar - utan veg og straum. 
    Natur, miljø, kultur og historie -ALT I EI PAKKE! 
     
     
     

 
 
 
På kjøkenet. Hjelp med stuttorvet. Til hest. Hesjing.
 
 
                                      
                                  "BARN, UNGE OG MUSEUM" 
                                                     Eit samarbeidsprosjekt 
                                                                    * 
                                                         YTSTE SKOTET   

 
                                                             Eit steg opp  
                                                              og tilbake  
                                                              til naturen  
                                                                     * 
 

Garden er fråflytta, 
 veglaus og isolert. 
Men husa er restaurerte, 
 marka er slått, 
 og turen dit ei oppleving i seg sjølv. 
 
Det yrer rundt vedkomfyr, 
 vevstol, slåttemark og kvernhus. 
 Det er born som har fyrt opp, 
 klipt filler, 
 sett poteter 
 og baka flatbrød. 
 
Desse borna er nokre steg nærare 
fortida si, 
 kulturen sin 
 og naturen vår.