Målsetjingar

 

Ut på tur aldri sur

Årssteg : 5.klasse

 
 
 

 Temaundervisning blir tillagt stor vekt i L97. Tema er lærestoff som er ordna i meiningsberande einingar.Temaorganiseringa skal ta vare på måla i læreplanane for fag. Samordninga skal også omfatte det lokale lærestoffet.

Eit tema kan i innhald ha tyngdepunktet sitt i eitt fag og så kan ein knyte til innhald frå andre fag.På den måten kan elevane sjå ein naturleg samanheng mellom dei ulike faga.

Hovudmomenta i dette temaet er henta frå :

http://skolenettet.nls.no/dok/sn/planer/laereplaner.grunnskole.html

i fylgjande fag:

kroppsøving, natur og miljø, heimkunnskap, kunst og handtverk, kristendom
 

    Målsetjingar for temaet:
 

Fagmål: 

Elevane skal  
  • ha noko kjennskap til ulike skogstypar og nokre av dei artane ein finn der
  • kjenne att spor og sporteikn av hjort, rev og hare
  • lære å utnytte nokre av dei ressursane ein finn i naturen
 

Generelle mål: 

Elevane skal utvikle evne til  
  • samarbeid
  • initiativ og arbeidsinnsats
  • sjølvstendig arbeid