ASTMA/ALLERGI I SKULEN
 
Tilbake til  
startside
Innleiing Fakta om forekomst Korleis tilrettelegge Aktuell litteratur 
til undervisning
Skuletilbod Gran Canaria, andre stader Oppsummering
LENKER TIL MEIR INFORMASJON:
 
NAAF sentralt NAAF Ungdom NAAFs Inneklimakontor NAAF Møre og Romsdal  Til andre undervisningsopplegg
 
E-post: 
NAAF MogR 

 Drueklase 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Ý   



Þ 


Ü
Kontordame 
INNLEIING:  

Litt om meg sjølv:  
Mitt namn er Lisbeth Svendsen Søvik og eg arbeider i full stilling som fylkessekretær i Norges Astma og Allergiforbund avd. Møre og Romsdal.  Fylkeskontoret ligg midt i Ørsta sentrum. 
Arbeidet er svært spanande og inspirerande. Eg har vore med frå starten 
frå då fylkeslaget fekk eige fylkeskontor i 1987, og har fulgt utviklinga- 
frå eit aldri så lite heimekontor til no som vi har store gode lokale i Ørsta. 
Eg er sjølv astmatikar, allergikar og veit korleis sjukdomen virkar på kroppen. For å få litt meir kunnskap om data valde eg å studere informasjonsteknologi via Høgskulen i Volda. Dermed fekk eg sjansen til å lage denne oppgåva. 
Håper informasjonen du finn her kan vere til god nytte. 
 
Kvifor dette tema ?  
Dei fleste kjenner nokon eller har nokon i familien som på ein eller annan 
måte er plaga av astma, allergi, eksem i meir eller mindre grad. Eg meiner det er viktig at skulane får kjennskap til kva ein kan gjere  for å betre skulemiljøet. Det kan vere i form av god tilrettelegging i dei ulike fag, eller  at lærarar og elevar i felleskap f.eks. via prosjektarbeid tar opp dette tema. 

Kven er målgruppe ? 
Stoffet på desse sidene er kanskje mest aktuelt for lærarar i grunnskulen, 
men også barnehagepersonell kan finne stoff av interesse. 
På sida om skuletilbod er der også informasjon retta mot ungdom 
i vidaregåande skule. 

Kva seier læreplanen ?  
I Læreplanen  for -97 under kapittel om "Prinsipp og retningslinjer" står det m.a at alle elevar med særlege vanskar eller særlege evner på ulike område skal få utfordringar som svarer til føresetnadane deira. Vidare står det 
at individuell tilpassing er nødvendig for at elevar skal få eit likeverdig tilbod.Det står også at eit nært samarbeid med foreldra er viktig for å finne fram til det som samla sett er det beste opplæringstilbodet.  Dette gjeld også for elevar med astma/allergiplager. Det er viktig at elevar og lærarar i samarbeid med foreldra gjer sitt beste for å legge tilhøva godt til rette . Vi får dessverre rett som det er telefonar frå fortvilte foreldre som føler at borna sine plager ikkje vert tatt alvorleg nok. 
 
Kvar har eg henta informasjon til  sidene ?: 
Det meste av stoffet er henta frå brosjyra "Skolen og den allergiske eleven" som er laga av Voksentoppen Skule. 
Meir informasjon om skulen og sjukehuset som er tilknytta til skulen, 
finn du under kapittelet "Skuletilbod Gran Canaria, andre stader"