E-post:
NAAF MogR
Ý
Ü
|
OPPSUMMERING:
No er mitt håp at du, etter å ha lest gjennom desse sidene
har fått litt meir kunnskap om kva som er viktig å ta omsyn
til for elevar med astma/allergiplager.
Her kjem ei oppsummering over kva som er viktig å
tenke på:
-
Eit nært samarbeid med eleven, foreldre og behandlande lege er ein
føresetnad dersom skulen skal lukkast i å tilrettelegge for
den enkelte elev.
-
Ingen elevar med astma og allergi er like. Dei reagerer forskjellig og
på ulike toff og allergen.
-
Gløym ikkje at astma/allergi er ein skjult funksjonshemming. Eleven
har trass sin "friske"utsjånad behov for dagleg medisinering og at
ein tek dei nødvendige omsyn
-
Fjern så langt det er praktisk og økonomisk mogleg dei allergen
og irritantar som eleven reagerer på
-
Syt for god utlufting i klasseromet
-
Dagleg reinhald er ein viktig føresetnad
-
Elevar som har behov for å ta medisin i løpet av skuledagen
må få avsett tid og ein skjerma stad til dette
-
Undersøk om ein må ta spesielle omsyn i faga kroppsøving,
heimkunnskap, forming/sløyd, naturfag
-
Elevar som har lengre sjukefråver eller hyppige fråver i kortare
perioder har rett til heimeundervisning
-
Det er skulen sitt ansvar i samarbeid med heimen og eleven sjølv
å finne den rette balanse mellom dei omsyn ein må ta
til eleven sin sjukdom og samstundes gi eleven dei rette utfordringar
Elles er det viktig å skaffe seg kunnskap om sjukdomen slik at ein
veit betre kva ein skal gjere dersom barnet vert sjuk. Å skrive ei
liste over medisinar, viktige telefonnummer o.l. kan vere lurt. Det er
viktig at barnet får ro og føler seg trygg dersom det
skulle bli dårleg på skulen. Det kan vere lurt å skaffe
seg kjennskap til gode kvilestillingar. Prøv å forstå
at foreldre kan føle seg urolege, er utrygge og av og til blir aggressive.
Informer foreldra til dei andre borna i skulen om eleven sine plager
( sjølvsagt etter samråd med foreldra og barnet).
Sist og ikkje minst:
VER BEVISST PÅ Å TA VARE PÅ DET FRISKE I BARNET
!
LUKKE TIL !
|