ASTMA/ALLERGI I SKULEN
 
Tilbake til  
startside
Innleiing Fakta om forekomst Korleis tilrettelegge 
 
Aktuell til 
litteratur 
til undervisning
Skuletilbod Gran Canaria,andre stader Oppsummering
LENKER TIL MEIR INFORMASJON:
 
NAAF sentralt NAAF Ungdom NAAFs Inneklimakontor NAAF Møre og Romsdal  Til andre undervisningsopplegg
 
E.post  
NAAF MogR  

  
Høstblad 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 Ý

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ý  



Þ 

 Ü
Sydenbilde 
SKULETILBOD GRAN CANARIA: 

Den Norske Skule på Gran Canaria:  

Skuletilbod:  
Den Norske skule på Gran Canaria "Colegio Norvego" ligg vegg i vegg med 
Det Norske Helsesenter som Norges Astma og Allergiforbund eig. 
I samband med våre mange helsereiser hit har familiar med born nytta seg av tilbod om korttidsopphald ved skulen.  Men dei fleste elevane er heilårselevar. 
Skulen har:  
* Moderne skulebygg 
* Kvalifiserte lærarar utdanna i Norge 
* Barnehage for born frå 3 - 6 år 
* Grunnskule frå 1. - 9. klasse 
* Vidaregåande allmennfagleg 1. -3.klasse 
* Full eksamensrett 
* Internat med godt stell og pleie 
*Opplæring i spansk (valfag frå 4.klasse) 

Skulen har elles godt utstyrte spesialrom og disponerer symjebasseng, tennisbane og grusbane. 
Dessutan har skulen sitt eige skulekorps. 

Kvifor gå på skule i utlandet ?  
I tillegg til at skulen skal gi eit fullgodt undervisningstilbod til born og ungdom i norske familiar som er busett der, skal skulen vere eit tilbod for born/ungdom som har godt av å bu i eit varmare klima grunna kroniske helseplager. Vi har ein del ungdom frå vårt fylke som har gått på skulen grunna m.a. dårleg inneklima i dei norske skulane. 
For meir informasjon skriv, ring til: 
Den Norske skule på Gran Canaria Tlf: 0034928 736503  Faks: + 736557, send e.post, eller besøk skulen si heimeside.  

SKULETILBOD ANDRE STADER: 

Skulen ved Geilomo Barnesjukehus:  
Geilomo Barnesjukehus er eit spesialsjukehus for born med astma/allergi  som Norges Astma- og Allergiforbund eig og driv. 
På sjukehuset finst det barnehage og skuletilbod heilt opp til 8. klasse. 
9. og 10.klasse går på ungdomskulen på Geilo. I tillegg til skulen finst der symjebasseng, hobbyverkstad, fotballbane, skøytebane, skiløyper, hoppbakke og natursti. 

Kven får tilbod om opphald ?  
For å kome seg til Geilomo må ein søke via spesialist. Sjukehuset tar i mot pasientar frå heile landet. 

Sommarleir:  
Kvart år arrangerer NAAF Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag  14 dagars sommarleir for born i aldersgruppa 10 - 16 år på Geilomo Barnesjukehus. Ta gjerne kontakt med fylkeskontoret dersom du vil vite meir om dette. 

Elles kan skulen gi råd og hjelp i spørsmål om korleis ein skal legge tilhøva til rette for elevar med astma/allergi. 
Ring eller skriv til:  
Geilomo Barnesjukehus, 3580 Geilo Tlf: 32 09 09 66  

Skulen ved Voksentoppen senter for born med astma/allergi:  
I tillegg til spesialbarnehage har sjukehuset skuletilbod for 
born frå 1.-10.klasse. 
Målet med skulen er:  
1. Gjennom pedagogisk utgreiing, observasjon og tilpassa opplæring vil skulen bidra til at elevane skal få eit optimalt utbytte av undervisninga. 
2. Gjennom opplysningsverksemd og rettleiing til dei opplæringsansvarlege og den lokale skulen ,vil Voksentoppen skule prøve å legge tilhøva til rette for at eleven skal kunne fungere best mogleg i skulekvardagen. 

Kven for tilbod om opphald ?  
Voksentoppen er eit spesialsjukehus for born og unge med dei mest alvorlege type og grader av astma, allergi, eksem og andre kroniske lungesjukdomar, eksem, fødemiddelintoleranse, andre alvorlege allergiar/intoleransar. 
Ein må søke om opphald via spesialist. 

Men for gode råd om korleis ein kan tilpasse undervisninga best mogleg, ta gjerne kontakt med Voksentoppen Skule - Tlf: 22 14 84 60