|
|
| Denne side:
Professorparlamentet Spegelsalen i Versailles Preussen Krig
|
I 1815 var endeleg revolusjonen
og napoleonskrigane slutt i Europa. Vinnarane møttes i Wien for
å sikre freden i Europa. Det var Preussen i nord og Sicilia i sør
som skulle sikre Europa mot nye åtak fra Frankrike.
Tyskarane som budde midt i Europa hadde sidan middelalderen fordelt seg på nesten 300 småstatar. No blei dei slått saman til 39 tyske statar. Kvar stat skulle ha full råderett, men dei skulle vere saman i Det tyske forbundet. I Austerrike var det 14 ulike nasjonalitetar. Tyskarane budde i den vestlege delen og var den leiande folkegruppa i dette store riket. Det budde og tyskerar i Preussen og det vart snart ein stid mellom tyskarane i Austerrike og tyskarane i Preussen om kva stat som skulle vere den fremste tyske staten. Sjølv om tyskerane var i mindretal i Austerrike, såg Austerrike på seg sjølv som ein leiar for alle tyskerar. Italienerane var i same situasjon som tyskerane. Dei var òg splitta i mange små statar, og den sterkeste var Sardinia. I 1848 gjorde studentar, journalistar, forfattarar og universitetslærerar opprør mot kongen sitt styre i Berlin, som var hovudstaden i Preussen. Dei brukte ideane frå den franske revolusjonen og krevdee at den tyske staten måtte få ei grunnlov som avgrensa makta til kongen og gav røysterett til dei som hadde eigedom og ei viss inntekt. Opprørarane var òg inspirert av den tyske nasjonalromantikken om at alle tyskarar var eitt folk og ein nasjon.Liknande opprør fant stad i mange land og byar. Den prøyssiske kongen sette inn hæren mot opprørerane i Berlin. Kravet om å kalle inn ei grunnlovgivande frosamling godkjende han og ho møttes i Frankfurt. Det var utsendingar frå alle dei tyske statane. Denne forsamlinga vart kalla professorparlamentet. Kongen bestemte seinare at den grunnlovgivande forsamlinga skulle oppløysast og han laga sjølv ei ny grunnlov. Denne grunnlova gav røysterett til ein del av folket. Kongen viste no at det var han som bestemte og ikkje folket. 18. januar 1871 blir kongen av Preussen vald til keiser i eit samla Tyskland. Dette skjer i spegelsalen i Versailles. Dette var svær audmjukande for Frankrike fordi tyskerane nytta symbolet på fransk stordom, byrgskap og makt (spegelsalen). Preussen var den største av dei nordtyske statane. her hadde det kome tidleg igong med industrireising og jernbanebygging. I 1861 vart Otto von Bismarck statsminister i Preussen. Bismarck hadde som mål å smale alle tyskarar i ein nasjonalstat. I den prsøyssikse nasjonalforsamlinga sa Bismarck korleis han ville samle Tyskalnd: "Det er ikkje fridommen til Preussen Tyskland beundrar, men den makta Preussen har. [...] Dei store spørsmåla i tida blir ikkje avgjorde med talar og fleirtalsvedtak - det var den store feilen i 1848 og 1849 - men med jern og blod." Bismarck ville skape ein sterk nasjonalstat av tyskarar med Preussen som mektigaste delen av riket. Austerrike kunne ikkje vere med, fordi dei hadde for mange nasjonalitetar. I det nye samla Tyskland kunne det berre vere ein leiarstat. Preussen skulle derfor samle alle tyskerane som budde utanfor Austerrike. Det første Bismarck måtte gjere var å bygge ein sterk hær. Nasjonalforsamlinga ville ikkje løyve pengar til ein sterk hær. dei var redd den kunne brukast mot folket. Bismarck dreiv igjen og fekk den hæren han ville ha. I 1863 heldt ikkje Danmark ein avtale om korleis Slesvig-Holsten skulle styrast. Slesvig- Holsten høyrde til under Danmark, men det budde òg tyskarar der. Bismarck utnytta situasjonen og gjekk saman med Austerrike i krig mot Danmark. Danmark tapte. Etter sigeren vart dei to landa ikkje einige om korleis dei skulle styre i dei område dei hadde tatt og det gjekk i krig mot kvarandre. Preussen sigra over Austerrike på nokre få veker. Dei tyske statane i nord danna så Det nordtyske forbundet under leiing av Bismarck. Napolen 3. i Frankrike vart uroa over den nye stormakta i Preussen og han fann ut at ein siger over dei var nødvendig. krigen enda med nederlag for Frankrike. Bismarck vart ståande som det nasjonale symbolet i Tyskland.
|