den norske nasjonalismen
 

Denne side: 
Union med Sverige 
Nasjonal sjølvkjensle 
Parlamentarismen 
Konsulat 
Regjeringsavgong 
Unionsoppløysing 
 
 

Noreg hadde vore i union med Danmark i 434 år. 1814 vert ståande som det året da ein nesten kan snakke om ein revolusjon i Noreg. Det var ikkje snakk om noko revolsujon som i Nord-Amerika eller Frankrike, dei fleste var faktisk nøgd med den eineveldige kongen. Men stormaktene i Europa bestemte at Danmark måtte gje frå seg Noreg til Sverige. Dette sette nordmennene seg imot og på rekordtid valde dei sin eigen konge, laga si eiga grunnlov og valdet det første Stortinget. Dei peika og ut Kristiania til hovudstad. 

Noreg blei igjen eit sjølvstendig land jamvel om vi blei tvinga til å gå inn i union med Sverige med felles konge. Vi hadde fått vår eiga grunnlov og var i namnet jamstelte med Sverige. 

Etter det som skjedde i Noreg i 1814 byrja folk å stille spørsmålet kva det vil seie å vere norsk? Det var særs embetsmennene og eliten som var opptekne av desse spørsmåla.Sidan Noreg hadde vore så lenge i union med Danmark kan en vel seie at Noreg var ein ung nasjon på midten av 1800-talet. 

Ein ville no finne ut kva som var særmerkt for Noreg og nordmenn. Dei ville styrke si eiga sjølvkjensle.Målarar måla norsk natur og folkeliv, norske folkeeventyr og folkeviser blei skrivne ned, og komponistar komponerte nasjonalromantisk musikk. Historikarane granska den norske historia i sagatida og mellomalderen. 

Den nye norske nasjonalkjensla  breidde seg frå embetsmenn til andre delar av befolkninga. Etter at parlamentarismen var innført i 1884, kjempa partia for full likestilling i unionen med Sverige. Ei parlamentarisk styreform vil seie at ei regjering må gå av dersom ho får fleirtalet i nasjonalforsamlinga mot seg i viktige saker. 

Parlamentarismen verka ikkje i utanrikspolitiske saker. Denne politikken vart styrt frå Sverige. venstre gjekk inn for at Noreg skulle krevje eit eige norsk konsulatvesen. Konsulane var busette i utlandet og hadde som oppgåve å hjelpe norsk handel i det landet dei budde i. Konsulane høyrde til under den svenske utanriksministeren. 7. juni 1895 måtte stortinget gi opp dette kravet fordi svneskane truga med militære aksjonar. 

Noreg lei no eit nederlag og bestemte seg for at dei skulle ruste opp slik at ein kunne setje makt bak krava om likestilling i unionen. Festningar blei modernisert og krigsskip vart bygde. 

Stortinget fekk ikkje gjennom kravet om eige konsulatvesen. Men stemninga i folket var no så sterk mot at Noreg skulle rive seg laus frå Sverige, at politikarane måtte handle. Dei vedtok igjen ei lov om at Noreg skulle få sitt eige konsulatvesen, men svenskekongen nekta fortsatt å skrive under på avtalen. Regjeringa svarte då med å gå av og ingen nordmann ville gå inn i ei ny regjering. Den 7. juni 1905 bestemte eit samrøystes Storting at svenskekongen ikkje lenger var konge i Noreg og at unionen var oppløyst. 

Sverige godtok ikkje denne oppløysinga og hevda at unionen berre kunne oppløysast etter forhandlingar og at grensefestningane måtte rives. Det måtte haldast ei folkeavrøysting. Avstemminga talde 368 208 nordmenn for oppløysing og 184 imot. Mange trudde at det ville bryte ut krig, men til slutt godtok nordmennene at grensefestningane skulle leggast ned, og svenskane gjekk med på å oppløyse unionen. 

Noreg haldt om hausten ei folkeavstemning om korvidt Noreg skulle være kongedøme eller republikk. 80 prosent ville ha kongedøme, og den danske prinsen Carl blei norsk konge. Han tok namnet Håkon 7. Den 25. november 1905 kom han til Noreg saman med dronning Maus og kronprins Olav.