|
|
| Denne side:
Magnus Brostrup Landstad Ludvig mathias Lindeman Skillingsviser |
Når Noreg skulle
til å byggje opp den norske kulturarva etter unionsoppløysinga
med Danmark, vart det vekt ei ny interesse for norsk folkekunst. Magnus
Brostrup Landstad samla inn gamle folkeviser. Han var prest og salmediktar,
og vi kan finne igjen trekk frå folkevisene i salmene hans.
Komponisten Ludvig Mathias Lindeman fekk offentleg stipend for å reise rundt og samle inn folkemelodier. I sitt arbeid fekk han god hjelp av dei fremste norske folketonesongerane. Lindeman var organist og komponist og fekk mykje å seie for utvklinga av norsk kyrkjesong. Det var likevel sider ved den norske folkekulturen dei ikkje fekk med seg. Skillingsviser, vitser og skrøner vart utelatne. årsaka til dette var at dei kunne såre "anstendighetsfølelsen" hos leserane. Skillingsvisene, datidas "nyheitssendingar", handla om alt frå ulukkeleg kjærleik, til krig, ulukker, naturkatastrofer og politikk. desse var skreve på eit bretta ark som kosta ein skilling. Skillingsvisene forsvann heilt når aviser, radio og grammofon kom. |