Den franske revolusjon
 
  
Denne side:
Samfunnshierarki 
Møte i Versailles 
Nasjonalforsamlinga 
Opprør i Paris 
Menneskerettsfråsegna 
Konventet 
Folkehæren 
Napoleon 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Før den franske revolusjonen og napoleonstida følte innbyggjarane truskap og lojalitet mot kongen eller fyrsten. I Frankrike var kongen eineveldig, det vil seie at han hadde all makt til å bestemme alt som hadde med statsstyret å gjere. 

Det var nye idear om korleis eit samfunn skulle styrast som var årsaken til at det vart krig i Frankrike og som vi i dag kallar den franske revolusjon. Parolen for denne revolusjonen var ideane om fridom, likskap og brorskap. 

Revolusjonen starta i 1789 og det var eit opprør frå dei fattige si side. Før revolusjonen var det franske samfunnet bygd opp og styrt som ei lagdelt kake. På toppen av denne kaka fann vi kongen og kongefamilien. Kongen hadde all makt.Under kongen var kyrkja og adelen. Dei blei kalla for førstestanden og andrestanden. Dei som tilhøyrde denne standen hadde en rekke fordelar. Nokre av desse privilegiuma var skattefritak og eineretten til mange stillingar. Første- og andrestanden kunne òg krevje inn store avgifter frå bøndene 

Den siste standen, tredjestanden i det franske samfunnet, blei delt i to. Den eine blei kalla borgarstanden og besto av rike forretningsfolk, kjøpmenn og kontorfolk. På botnen heldt det store fleirtalet av folket til. Desse vart kalla dei standslause og det var fattigfolket som tilhøyrde denne standen. Ingen kunne forlate den standen dei var fødd inn i og den var avgjerande for kva rettar og pliktar du hadde. Dette standssamfunnet hadde vore slik sidan middelalderen og det var misnøya med denne som var ein av årsakane til den franske revolusjonen. 

Det var Ludvig 16. som var konge då revolusjonen braut ut. Frankrike hadde delteke i den nordamerikanske fridomskrigen. Denne krigen hadde kosta kongen mange pengar og han hadde stor gjeld. For å gjere noko med gjelda bestemte kong Ludvig 16. seg for å kalle inn dei tre stendene til eit møte i Versailles. Han hadde planar om å auke skattane til dei standslause og tredjestanden. Slik gjekk det ikkje. 

Tredjestanden og dei standslause utgjorde i alt 98% av befolkninga. Når det skulle røysast over forslag hadde kvar stand ei stemme. Dette førte til at første og andrestanden hadde fleirtalet sjølv om dei representerte berre 2% av befolkinga.Etter opningsmøtet i Versailles skulle kvar stand møtast kvar for seg. Tredjestanden foreslo då at kvar utsending skulle ha ei røyst. Ved ei slik avstemming ville då tredjestanden få fleirtalet. Dei to andre stendene nekta å gå med på dette. Tredjestanden ga då seg sjølv eit nytt namn og kalla seg no for nasjonalforsamlinga. Dei representerte jo nesten heile nasjonen. 

Tredjestanden haldt møte og dei svor på at dei ikkje ville gå frå kvarandre før Frankrike hadde fått ei grunnlov. Kongen blei overtala av ei gruppe adelsmenn til ikkje å gå med på dette kravet. Etter at nasjonalforsamlinga hadde vore samla i tre dagar møtte kongen sjølv opp og kom med eit tilbod. Frå no skulle alle tre stendene betale skatt, men dei to øvste stendene skulle få behalde dei andre privilegia. 

Dette tilbodet takka tredjestanden nei til og ein adelsmann som hadde gått over til tredjestanden braut ut: "Sei til kongen at vi er her etter folket sin vilje, og at vi berre vik for bajonettane. Tredjestanden fekk no sette igong arbeidet med å gi Frankrike ei grunnlov. 

Rykta om at det no var danna ei grunnlovgivande forsamling nådde raskt Paris.Tilhøva for innbyggjerane der var svært dårlege. Mange var utan arbeid og avlingane året før var øydelagde. Vinteren som følgde var og svært kald og mange hadde søkt til Paris i jakta på mat. 

Den 14. juli 1789 var heile byen i opprør. Det gjekk rykter om at kongen hadde samla livgarden sin utafor Paris. Folk i Paris fann ut at dei måtte gjere seg klar til stird og dei storma eit våpenlager.Då dei ikkje vart angrepen fannd ei ut at dei skulle storme eit fengsel som heitte Bastillen og sette fangane fri. 

Kongen mått no gje etter igjen og trekte troppane vekk frå Paris.Tredjestanden overtok no styringa i byen og skipa nasjonalgarden. Fana til denne garden er nasjonlflagget til Frankrike enno. Bøndene vart svært utolmodige etter at dei høyrde kva som var skjedd i Paris og starta sitt eige opprør. Dei ville avskaffa privilegia til adelsmennene. Etter eit møte i nasjonalforsamlinga enda det med at alle privilegium vart avskaffa. 

Bøndene var no fornøgde og avslutta sitt opprør. Den grunnlovgjevande forsamlinga i Versailles gjorde enda eit vedtak: Fråsegna om rettane til menneska og borgarane. I denne fråsegna sto det at alle menneske var fødde frie og like. 

Men uroa i Paris ville ikkje gje seg. Det var stor matmangel i byen og misnøya vaks. Folket ville no at kongen skulle flytte fra Versailles til Paris. Der kunne dei letter påverke han. Kongen nekta og 5. oktober 1789 la eit kvinnetog på veg til Versailles. Toget blei følgt av 20 000 soldatar frå nasjonalgarden.Kongen måtte gje etter og Paris var no blitt sentrum for revolusjonen. 

I 1791 prøvde kongen og familien hans å flykte til Nederland. Nabolanda til Frankrike vart svært urolege over den tilspissa spenninga som no var i Frankrike. Frankrike svara med å gå til krig mot desse statane. Dei tapte krigen og fekk ei åtvaring frå den austerriske hærføraren om å la kongen vere i fred. Folket tolka dette som at kongen og familien hans samarbeidde med fienden. Dei satte fyr på slottet, men kongen og familien klarte å flykte. Det blei bestemt at kongen skulle fengslast. 
 
Den nye grunnlovgivende forsamlinga blei kalla konventet. Konventet avsette kongen og innførte republikk. Den 21. januar 1793 blei Ludvig 16. henretta. Dette var blitt bestemt av konventet med eit knapt fleirtal 

Andre land vart svært sjokkerte over at Frankrike kunne avrette sin eigen konge og utanlandske troppar gjekk til åtak på Frankrike. Det var no revolusjon både frå innsida og utsida av Frankrike. Det blei nedsatt ei naudregjering som vart kalla velferdkomiteen og denne komiteen kunngjorde unntakstilstand. Det betyr at grunnlova blir satt tilside. 

Under den franske revolusjonen beli det skipa ein ny type hær, folkehæren. Alle menn mellom 18 og 25 år blei innkalla til krigsteneste. Denne nye måten å føre krig på førte til at den franske hæren vart tre gonger så stor som fiendehæren tilsaman. 

I 1794 var fiendane slått og dei utanlandske hærane var på tilbaketog. Leiaren for velferdskomiteen, Robespierre, tok tilslutt sjølvmord fordi det var misnøye med alle henrettingane som hadde funne stad. 

Alle motsetnader som levde blant folket om måten å styre Frankrike på førte til fleire statskupp. Frankrike låg også stadig i krig med andre land. Denne stadige krigsføringa førte til at generelane i hæren blei viktige personar. Den mest sigerrike heitte Napoleon Bonaparte. 

I 1799 gjorde Napoleon og to politikarar det siste statskuppet og hadde snart samla makta. Napoleon og hæren hans førte mange sigerrike krigar mot mange europeiske land. Ei tid hadde Napoleon makta over store deler av Europa. Han let seg krone til keiser og eit ny form for einevelde vart innført. Ideane frå revolusjone leid igjen nederlag. 

Napoleon prøvde å invadere England , men både den franske og den spanske flåten blei øydelagd i slaget ved Trafalgar. 

Sjølv om Russland lenge hadde vore på Napoleon si side gjekk han i 1812 til åtak på Russland. Russarane svara med å brenne landsbyar og matlager. Dei franske soldatane fraus og svalt i vinterkulda og tilslutt måtte Napoleon trekke seg tilbake.I salget ved Waterloo lei han det endelege nederlaget. Han blei forvist til ei øy i Afrika og der døydde han i 1821.