|
|
![]()
|
Den litterrære
epoken som følgde i kjølvatnet av unionsoppløysinga
med Danmark, kallar vi for nasjonalromantikken. Noreg hadde no fått
eiga grunnlov. Det blei no viktig for Noreg som nasjon å få
sin eigen kultur, litteratur og historie.
Hovudtanken ved nasjonalromantikken var at folket i kvart land hadde ei eiga ånd, ein eigen nasjonal identitet. Denne ånda var natur- eller gudgitt. VI nordmenn er på ein måte lik naturen vår, vi er alvorlege og inneslutta utifrå at vi lever i ein barsk natur med høge fjell og kaldt klima. Det er frå denne perioden vi har uttrykt den norske folkesjela. Fyrst på 1800-talet fekk Noreg teater og universitet. Til no hadde kulturen vore danskprega. I og med at Noreg hadde vore så lenge i union med Danmark. Folk byrja å samle inn gamle segn, eventyr og folkemusikk. Det vart og starta vitskaplege studier av norsk folkemål(dialektar). Forfattarane byrja å skrive om det norske og lot seg inspirere av gamle segn og eventyr. Mange skreiv forteljingar om gamle norske heltar og kongar. Naturen var og eit vanleg tema for litteraturen. Den vart skildra på ein så storstilt måte at alle nordmenn både før og no sit med ein klump i halsen over at vi er nordmenn og lever i dette fantastiske vakre landet. |