den tyske nasjonalromantikken
 
 
 

 
 

 
 

 
 
Som ein kan lese under den franske revolusjonen sigra Napoleon over mange av dei europeiske landa. Tyskland var i fleire år under fransk framandstyre. Menneska som levde under dette franske styret fekk etterkvart sterke nasjonalfølelsar. Den tyske nasjonalismen hadde grobrunn frå krave tyskarane hadde om å få styre seg sjølv. Den var rette mot framandstyret. 

I Tyskland fekk nasjonalismen god næring frå nasjonalromantikken. Denne satte alt det tradisjonelt tyske i høgsete. Interessa for nasjonen si historie, livet, språket og historia til vanlege folk var stor. 

Diktarar, målarar og komponistar henta stoff og inspirasjon i folkeeventyr, segner og folkemusikk, og frå dei periodane i fortida som folk var stolte av å minnast. 

Dei tyske Grimm-brørne samla inn eventyr. Dei mest kjende hos oss er:  Hans og Grethe, Snøkvit og dei sju dvergane, Askepott og Raudhette. 

Nasjonalismen spreidde seg raskt frå Tyskland til mange europeiske land, også Noreg.